-
helse-mr.no
-
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF, organisasjonsnummer 997 005 562
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 14 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har alt-tekstar for bilde, men kvaliteten varierer. Nokre tekstar skildrar ikkje hensikta til bildet i konteksten, mens andre kan vere misvisande eller for generelle. Dette kan føre til forvirring for brukarar av skjermlesarar.
Alt-tekst for bilde er med jamne mellomrom tema i vårt fora for webredaktørar, for å lære korrekt måte å skrive alt-tekst.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Mange av videoane på nettstaden vår er teksta, men vi har også videoar som ikkje er teksta. Enkelte har tekstalternativ plassert ved videoen.
Vi lenkar også ut til eigne podkast-episodar på andre plattformar, og desse episodane har ikkje tekstalternativ.
Dette medfører at brukarar som ikkje kan høyre lyd, ikkje får med seg dette innhaldet.
Nye videoar på nettstaden vår skal tekstast og nye podkast-episodar skal følgast med ein artikkel som formidlar det same hovudinnhaldet som lydklippet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har videoar som ikkje er teksta, eller som ikkje har med all lydinformasjon som er relevant.
Dette gjer at personar med nedsett høyrsel ikkje får tilgang på all informasjonen i videoane. Det påverkar brukarar med nedsett høyrsel og andre som er avhengige av tekst for å forstå innhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ingen av våre videoar er synstolka. Dette gjer at brukarar av skjermlesarar ikkje får med seg innhaldet i videoane. Feilen er meldt til utviklarteamet. Det blir laga ein plan for nærare undersøking av kravet.
Vi skal ha fokus på synstolking i nye videoprosjekt, slik at vi i størst mogleg grad får presentert viktig visuelt innhald i video med lyd.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Manglande unike namn på landemerke, innhald utanfor landemerke, feil i overskriftsnivå, feilnøsta lister, avsnitt som ikkje er koda som tekst, sitat som ikkje er koda som sitat og tabellar som ikkje er korrekt koda.
Konsekvens: brukarar med skjermlesar og andre hjelpemiddel kan bli forvirra og få problem med å forstå og navigere i innhaldet.
Feilen er meldt til utviklarteamet og det blir jobba med å rette opp i dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vanlege nettsider tilfredsstiller krava til kontrast.
Vi har ein del PDF-dokument, som ikkje tilfredsstiller krava til kontrast. Dette fører til at svaksynte og fargeblinde får problem med å oppfatta informasjon.
Det er veldig mange innhaldsprodusentar som står bak alle PDF-dokumenta. Både innhaldsprodusentar og webredaktørar har fram til no hatt for låg kompetanse og lite fokus på universell utforming av dokument, noko som er hovudårsaka til at kravet ikkje er oppfylt. Vi jobbar med å auke kompetansen på universell utforming.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Noko innhald kan vere presentert som bilete av tekst i staden for rein tekst. Dette gjeld i hovudsak på opplasta PDF-dokument. Brukarar med synshemmingar kan derfor ikkje oppfatte alt innhald.
Det er veldig mange innhaldsprodusentar som står bak alle PDF-dokumenta. Både innhaldsprodusentar og webredaktørar har fram til no hatt for låg kompetanse og lite fokus på universell utforming av dokument, noko som er hovudårsaka til at kravet ikkje er oppfylt. Vi jobbar med å auke kompetansen på universell utforming.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har artikler og overskrifter som ikkje alltid skildrar det etterfølgande innhaldet tydeleg. Dette kan gjere det vanskeleg for alle brukarar, inkludert skjermleserbrukarar, å skumlese og finne riktig informasjon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Organisasjonsnummer i footer er ikkje korrekt koda. Brukarar med skjermlesar og andre hjelpemiddel kan få feil informasjon og problem med å forstå innhaldet. Feilen er meldt til utviklarteamet og det blir jobba med å rette feilen.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettstaden vår har nynorsk som hovudspråk og dette ligg default i koden. Vi har likevel noko innhald som er på bokmål eller engelsk. Brukarar vil då få andre språk presentert som nynorsk.
Vi jobbar med å kartlegge og endre språkkode på sider dette gjeld.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettstaden vår har nynorsk som hovudspråk og dette ligg default i koden. Vi har likevel noko innhald på bokmål og engelsk og i nokre tilfelle også ein blanding av norsk og engelsk. Brukarar vil då få andre språk presentert som nynorsk.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Lenkene i menyen har ikkje alltid same namn som sidetitlane det blir lenka til. Brukarar kan tenke at dei har trykt feil eller bli forvirra i navigeringa. Det er også stader der søkeknappen har eit anna namn enn på resten av sida. Dette skuldast at lenker og funksjonar har blitt namngitt ulikt av ulike redaktørar på ulike stader på nettstaden. Dette påverkar brukarar med kognitive funksjonsnedsettingar og skjermleserbrukarar, som kan bli forvirra av uoverensstemmelsar og miste orienteringa under navigasjon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Søkefeltet manglar synleg ledetekst, og søkeknappen er kun eit ikon på avdelingsoversikter med søk.
Brukarar med nedsett syn, skjermlesar og kognitive utfordringar kan ha vanskar med å oppfatte funksjonen. Feilen er meldt til utviklarteamet som jobbar med retting.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Fleire valideringsfeil i koden: dupliserte ID-ar og nøstingsfeil. Assisterande hjelpemiddel kan få problem med å tolke innhaldet riktig, noko som påverkar brukarar av skjermlesar og andre hjelpemiddel.
Feilen er meldt til utviklarteamet.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .