Tilgjengelegheitserklæring for aukra.kommune.no

  • aukra.kommune.no
  • AUKRA KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 981 337
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 9 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
AUKRA KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på aukra.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Bilde i lenkesamling: Alternativ tekst kjem ikkje med i HTML-kode.

Vår leverandør jobbar med å rette opp feilen.

 

 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Booking: Hopp i overskriftsnivåa og List item er brukt til å formatere tekst. Vi har ikkje tatt i bruk booking-modulen på nettstaden.

Tabell: Tabbellar vert ikkje alltid koda korrekt på mindre skjermar. Det gjer at brukarar som nyttar hjelpemiddel ikkje får lest opp kolonneoverskriftene korrekt.

Områdemelding: Leverandøren vil legge inn ei skjult overskrift som varslar brukarar av skjermlesar om at det er ei viktig melding på sida. I dag er ikkje denne skjulte overskrifta på plass, slik at brukarar av skjermlesar ikkje vil oppfatte områdemeldinga som ei viktig melding.

Vår leverandør jobbar med å rette opp feilen.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Booking: Kalendaren i modulen er vanskeleg å bruke med tastaurnavigasjon. Vi har ikkje tatt i bruk booking-modulen på nettstaden.

Vår leverandør jobbar med å rette opp feilen.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Hopp til innhald for bildegalleri: Når bilde i bildegalleri er open i full sidevisning er hopp til innhald feilaktig tilgjengeleg.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Fant du det du lette etter?: Lukkeknappen i skjermbilde for Fant du det du leita etter? manglar fokusmarkering.

Ordforklaring: Når ordforklaring er open er det ikkje mogleg å sjå fokusmarkering for lenker bak ordforklaringsvindauget.

Bildegalleri: Ikon for å vise bildet i full sidevisning manglar fokusmarkering.

Bildegalleri: Fokusmarkering når brukar blar mellom bilde i eit bildegalleri er ei svart ramme. Her vil ACOS legge inn ei kvit ramme innerst, slik at fokusmarkeringa vert meir synleg.

Bilde: Dersom det er lagt inn alt-tekst på bilde kan brukar klikke på bilde for å opne det i stor visning. Her manglar synlig fokusmarkering.

Leverandøren jobbar med å rette opp feilen.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dokumentlesaren har nokre mangler ved synleg fokusmarkering og tastaturnavigasjon.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Meld inn feil: Feilmeldinger bør innehalde informasjon om kva for eit felt som inneheld feil. 

Leverandøren jobbar med å rette opp feilen.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tabell: Når ein artikkel inneheld fleire tabellar får desse lik id.

Dokumentlesaren: PDF-dokument som vert generert med dokumentlesaren manglar tittel og har ikkje koda innhald.

Leverandøren jobbar med å rette opp feilen.

Innhald som bryt kravet i regelverket

FAQ: Svara i FAQ vert ikkje lest opp av verktøy for opplesing av tekst.

Tabell: Tabellen har beskriving i feltet caption. Aria-labelledby kan derfor bli fjerna. Den gir i dette tilfellet valideringsfeil på sider der tabell er satt inn.

Leverandøren jobbar med å rette opp feilen.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre brukaropplevinga, og set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjenge.