-
Canvas for HVL
-
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET, organisasjonsnummer 917 641 404
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 28 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er brot på manglande alt-tekst til meningsbærende bilete, i publiserte sider og dokument. Det finst nokre tilfelle der dekorative bilete ikkje er markert som dekorativt.
Dette gjer at informasjonen kan bli utilgjengelig for personar med svekka syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Bruddene på dette kriteriet dreier seg stort sett om publiserte podkaster som ligger utenfor Canvas. Her er det mangler på tekstalternativ.
Dette gjer at informasjonen kan bli utilgjengeleg for brukara med svekka høyrsel.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Brot på dette kriteriet dreier seg stort sett om publiserte førelesingsvideoar som ligg utanfor Canvas.
Manglar på tekstalternativ/kvalitet på tekstalternativ til videoar kan medføre at informasjonen blir utilgjengeleg for personar med svekka høyrsel.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Brot på dette kriteriet dreier seg stort sett om publiserte førelesingsvideoar som ligg utanfor Canvas.
Mangel på synstolking kan hindre tilgang til informasjon for personar med nedsatt syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er tilfeller der det er brukt feil overskriftshierarki på publiserte sidar og i dokumenter. Det finst også publiserte dokumenter som manglar overskrifter og titlar. Det er tilfeller der lister ikkje er koda riktig.
Canvas som produkt nyttar tabell enkelte stedar for å styre layout: Studentanes karakteroversikt, kalender, personlista, rubrikken på nokre oppgåver og oversikt over varslingsinnstillingar. Meldt inn til leverandør, som var ueinig i vurderinga.
Dette kan påverke navigasjon på nettsida på ein uheldig måte for personar som nytter hjelpemiddelteknologi.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre publiserte dokument, ppt og pdf kan ha feil leserekkefølgje.
Dette kan forvirre brukeren og gjere innhaldet utilgjengeleg for brukara som har behov for å få lest opp innhaldet via hjelpemiddelteknologi.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Om ein ikkje har svara på alle sprøsmåla i ein quiz får ein informasjon om å "sjå detaljar i høgre sidestolpe"
Dette kan forvirre brukaren gjere innhaldet utilgjengeleg for brukar som har behov for å få lest opp innhaldet via hjelpemiddelteknologi.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er ein chat-bot som kan legge seg over innhaldet. dette gjeld "neste" knappen på sider i Canvas.
Dette kan vera forstyrrande for fleire brukarar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Eksterne lenker på sider i Canvas er understreket, men interne lenker mangler understrek.
Dette kan gjere det utfordrande for brukarar med nedsett fargesyn å sjå lenker.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst brot i tekstleg innhald på publiserte sider og dokument.
Produktet Canvas har minimum 3:1 kontrast som standard, som betyr at nokon steder har for dårleg kontrast, t.d. enkelte lenker, knappar og tekst.
Dette kan gjere det utfordrande å lese innhaldet for personar med nedsett syn.
- Tilgjengelege alternativ
Bruker kan nytte høgkontrastbrukargrensesnitt, som gjer minimum 4,5:1 kontrast.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er tilfeller der det er bilde av tekst i publiserte sider og dokumenter.
Dette kan føre til at innhaldet blir utilgjengeleg for brukarar som nyttar hjelpemiddelteknologi, til dømes skjermlesar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er brot i iframe-innhald og i publiserte dokument, der statisk innhald ikkje blir påvirka når ein justerer på "style property" i HTML. Zoom i den innebygde DocViewer i Canvas fungerer også godt med dei fleste dokument, men enkelte PDF-ar kan bryte kravet. Det er også dokumentert brot i leverandørens test av løysinga i personlista og i nytt quizverktøy.
I eige skript for å ha faner på ei canvas side er det brot då ein må skrolle i to retningar.
Dette kan gjere det vanskeleg å følgje linjene med tekst for personar med nedsett syn når ein zoomer opp til 400%.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst dokument som innehold grafiske objekt som ikkje oppfyller kravet.
Produktet Canvas har minimum 3:1 kontrast som standard, som betyr at nokre steder har for dårleg kontrast, t.d. enkelte knappar.
Der studentar skal svare med Rich Content Editor, er fokusmarkør i verktøylinja på val av farge til tekst eller bakgrunn er kontrasten for låg.
Dette kan føre til at det er vanskeleg å lese informasjonen, særlig for svaksynte og fargeblinde personar.
- Tilgjengelege alternativ
Bruker kan nytte høgkontrastbrukargrensesnitt, som gjer minimum 4,5:1 kontrast.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I Diskusjonsside kan ikkje Tooltip for sorter("nyaste først"), utvid tråd ("utvid tråd") og "abonner" lukkast.
Det er grunn til å tru at det finst brot basert på leverandørens VPAT (instructure.com, engelsk) der det står følgande: “Canvas content is dismissible via the escape key and persistent while hovered. A known issue currently exists where some tooltips triggered by hovering cannot be hovered themselves. In addition, New Quizzes Rich Content Editor does not currently auto expand for screen reader users.” Dette er ikkje avdekka i vårt testutvalg.
Dette kan forstyrre brukaropplevinga, særleg for personar med nedsett syn, nedsett kognitiv funksjon eller nedsett håndfunksjon.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Chat-bot kan ikkje nåast med bruk av tastatur.
Dette kan hindrande for brukarar med nedsatt motorikk som nyttar tastatur for navigering.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finnast nokre sider og filar som inneheld gif-ar der brukaren ikkje kan stoppe, pause eller skjule innhaldet. Dette kan opplevast forstyrrande for nokon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst filar som ikkje har titlar eller ikkje beskrivande titlar. Dette kan gjere det utfordrande for nokre brukarar å navigere seg mellom innhald.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Skjermlesar brukar får feil rekkjefølgje lest opp i Vurderingar (Grades). Skjermlesaren hopper ut av tabellen over resultat til teksten til høgre og så tilbake til tabellen. Teksten til høgre blir lest på nytt etter tabellen. Feilen er meldt inn til leverandøren, som ikkje prioriterer det for retting.
Dette kan vera forvirrande for brukarar med nedsatt motorikk, lese- og skrivevansker, nedsatt syn, er blinde, eller som bruker skjermforstørrar
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er fleire tilfeller der lenketeksten ikkje gir tilstrekkeleg informasjon om føremålet med og/eller lenkemålet til lenka. Brota gjeld publiserte sider og dokument.
Dette kan redusere brukarane sin moglegheit til å vurdere om lenka er aktuell/ønskeleg å opne.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finns berre ein måte å kome seg til HVL si canvas framside. Dette er via hovudmenyen til venstre.
Dette kan gjere det utfordrande for brukarar med nedsett syn og kognisjon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er manglende beskrivende overskrifter på sider og dokumenter (ppt og pdf). Dette kan gjere det utfordrande for personar med nedsett syn/kognisjon/motorikk å navigere i innhaldet til dokument.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Canvas- sider med fleire faner har innhald som ikkje får synleg fokus når ein navigerer med tastatur. Dette kan gjere det utfordrande for å orientere seg på sida og identifisere innhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er brot på kriterium 2.5.3 fordi synleg tekst og ledetekst er ikkje alltid lik på norsk, og på grunn av redaksjonelle feil med lenker (kriterium 2.4.4). Dette kan gjere det utfordrande for personar som nyttar hjelpemiddelteknologi, som taleinput, i å aktivere aktive element på sida.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er brot i publiserte sider der språket for sidetittel og/eller innhaldet i sida er annleis enn det valgte språket i Canvasrommet eller brukaren/insitusjonen sitt valgte. Dette skyldes redaksjonelle feil og feil i Canvasløysinga. Dette kan påvirke informasjonformidligna for personar som nyttar hjelpemiddelteknologi, til dømes skjermlesar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst brot i publiserte fleirspråklege sider, dokument og kunngjeringar. Eksempel er rom, kunngjeringar eller sider som har sidetittel og/eller alt innhald på to språk og flerspråklege dokument som ikkje er koda riktig. Dette kan påvirke informasjonformidligna for personar som nyttar hjelpemiddelteknologi, til dømes skjermlesar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I Quiz når svar med tal er aktivert, vil innhaldet som brukaren har ført inn forsvinne om det er ført inn bokstavar i staden for tal.
Dette kan forvirre brukarar som er blinde eller har nedsatt kognisjon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I Diskusjonssider er instruksjon i søkefeltet ein spacesholder. Ein ser ikkje heile instruksen i spaceholder teksten og når ein fører inn tekst forsvinn instruksjonen.
Dette kan vera hindrande for brukarar med nedsatt kognisjon.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er brudd på dette kriterium på grunn av følgefeil skapt av feil med lenker og iframes som ikke har tittel. Dette kan føre til at informasjon ikkje er tilgjengeleg for skjermlesarar og anna hjelpemiddelteknologi.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Arbeidet med universell utforming av IKT er forankra i Handlingsplan for inkluderande læringsmiljø ved HVL. Det er ei målsetting at læringsmiljøet skal famne om mangfaldet i studentmassen, uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, religion eller funksjonsevne. HVL har også ein visjon om å være eit nasjonalt førebilete på korleis ein institusjon kan gjere universell utforming av IKT så enkelt at det er vanskeleg å unngå.
Eit av satsingsområda for å styrke HVL sitt arbeid med universell utforming av IKT er etablering av team for universell utforming av IKT (i 2022). Teamet har som hovudoppgåver å bygge kompetanse om universell utforming blant tilsette (og studentar), arbeide for brukarvenlege og tilgjengelege løysingar og bidra til å sikre at HVL oppfyller lovkrava.
Av tiltak som er sett i verk for å oppnå HVL sine målsetningar knytt til universell utforming av IKT er mellom anna: opplæring til tilsette, utvikling av nettressursar, innføring av Ally i Canvas våren 2023, rådgiving ved anskaffing av ny programvare, oppstart av fagdidaktisk modul om universell utforming av IKT i undervisning, i tillegg til koordinering av og opplæring i tilgjengelegheitserklæringar for HVL sine nettløysingar.
HVL vil framover arbeide med forankring av universell utforming i styrande dokumentasjon i tillegg til vidareføring av tiltaka som allereie pågår for å betre tilgjengelegheit.