- Namn på nettstaden:
- ryfylkeiks.no
- Denne erklæringa gjeld nettstaden:
- https://ryfylkeiks.no/
- Ansvarleg for nettstaden:
- RYFYLKE IKS, organisasjonsnummer 983 780 822
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 8 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Tabellane på nettsida er ikkje rett koda med dei rette overskriftcellene og definert med "<th>. Tabellen kan derfor vera vanskeleg å tolka. Dette skal me fobetre.
Nokre PDF-dokument har ikkje universell utforma dokumentstruktur, slik som den nye malen til representantskapet: https://ryfylkeiks.no/wp-content/uploads/2025/09/protokoll-5-26.06.25-1…
Den gamle malen har også en feil i rammen som viser deltakere og forfall. Møteprotokollar frå Styreplan – må undersøkast.
PDF-ane er tagga og har maskinlesbar tekst, men dokumentet er definert med feil språk (EN-US), og det er indikasjonar på problem med semantisk struktur/leserekkefølgje. Må avklarast med Styreplan om systemet kan generere PDF/UA-/UU-kompatible dokument.
Me jobbar for å rette opp i dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Contrast Ratio: 8.59:1, men nokon avvik. WAVE-test har avdekt enkelte lenker med for låg kontrast. Kvit tekst mot blå bakgrunn (#1D81C4) har kontrastforhold 4,2:1, som er under kravet på 4,5:1 for normal tekst. Dette skal rettast.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Oppfyller i ei viss grad, men somme stader hoppar tab-tasten over element, slik som nedtrekkmeny til møteprotokollar når han er lukka. Hovudmeny kan ikkje nåast med tab-tasten. Dette skal me forbetra i løpet av 2027.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er ikkje mogleg å navigera seg gjennom alt innhald med tastatur. Feil: Brukar kan ikkje klikka seg tilbake til hovudmenyen. Me jobbar med å retta feilen.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ikkje alle lenkjetekstar er tydelege og gir informasjon om formålet med lenkja. Det kan vera vanskeleg å forstå lenkemålet for enkelte personer. For å oppnå kravet, trengast ei opprydding i lenkjetekstar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettstaden bryt med kravet då det i dag berre er mogleg å navigera til innhald gjennom menyen. Det å ha meir enn éin måte å finna fram på, hjelper ulike brukarar å finna relevant innhald effektivt på nettstaden. Synshemma eller personar med nedsatt kognisjon kan ha problem med å finne fram på nettsida. Me jobbar med å leggja til eit alternativ.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettstaden bryt med kravet. Overskrift på nyhendeartiklar følgjer ikkje riktig rekkefølge på framsida. Hopper frå H2 til H3. Overskrift på prioriterte satsingar på framsida hopper frå H2 til H4.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nei. Validering med W3C Markup Validation Service viser fleire dupliserte ID-ar i HTML-koden, hovudsakleg knytte til SVG-element/grafikk.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Me ønskjer at alle skal kunna bruka og forstå innhaldet i dei digitale kanalane våre. Derfor jobbar vi med å gå gjennom nettsida for å testa at me oppfyller krava til universell utforming. Meir forståing for og kompetanse om universell utforming er viktig for oss i dette arbeidet og me rettar feil fortløpande. Fleire PDFar som er publisert på nettstaden er ikkje universelt utforma i dag, men PDFar som blir publiserte framover skal vera universelt utforma. Me har ein god dialog med leverandør av nettsida for å etterleve krava.