Tilgjengelegheitserklæring for ODA - Norske ordbøker

  • ODA - Norske ordbøker
  • UNIVERSITETET I BERGEN, organisasjonsnummer 874 789 542
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 14 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
UNIVERSITETET I BERGEN kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på ODA - Norske ordbøker slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sidene manglar struktur av typen topp- og botnfelt, det manglar også heilt overskriftstruktur. Det som ser ut som lister, er ikkje koda som lister, og treff-lister er heller ikkje koda som lister.

Innhald som bryt kravet i regelverket

"Trykk ⁝ oppe til høgre for å endre innstillinger" bryt kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Delvis oppfylt, brukar ARIA-label her, men kunne ha vore gjort betre.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er brukt fargar for å skilje mellom treff i ulike typar kjelder. Nokre stader er det brukt feit skrift i tillegg for å skilje mellom dei. Sjølv for brukarar med godt fargesyn er dette forvirrande, og det er ikkje forklart nokon stad. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre tilfelle av for låg kontrast i visningar av ordbokartiklar, og i trefflista.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved zoom må ein rulle sidene i begge retningane for å sjå innhaldet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden er ikkje tilpassa bruk på mobil.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ei av listene over treff kan ein ikkje nå via tastatur, med mindre ein brukar skjermlesar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sidene manglar inndeling i blokker.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar overskrifter.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er leietekstar som ikkje er koda som det, til dømes "Velg ordklasse".

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feilmelding ved blankt teikn i starten av ord er neppe spesielt informativ.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er mangelfulle leietekstar og instruksjonar.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ugyldige attributtverdiar.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

IT - avdelinga ved Universitetet i Bergen jobbar systematisk med å klarlegge status for universell utforming av IKT, og vi rettar feil og manglar innanfor dei rammene vi har.

Når det gjeld 'oda.uib.no', er dette ei samleside for ulike ordbøker som etterkvart skal få ein betre nettstad, men det vil tidlegast bli i 2025. Tenesta retter seg mot forskarar og studentar, og er eit fagsystem der ein har tilgang til ordboksressursar av ulike typar og opphav.

Det vil kreve omfattande utvikling og tilrettelegging å rette opp alle feil og manglar på sidene for å få ein tilfredsstillande status med omsyn til universell utforming. Dette vil ikkje vere ei prioritert oppgåve, sidan vi allereie er i gang med å utvikle nye nettsider der slike omsyn skal vektleggjast.