Tilgjengelegheitserklæring for samnanger.kommune.no

  • samnanger.kommune.no
  • SAMNANGER KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 968 985
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 7 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SAMNANGER KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på samnanger.kommune.no slik:

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Fleire stader fins det tomme lenkjer ved sidan av den eigentlege lenka

Innhald som bryt kravet i regelverket

Fleire stader blir det hoppa over overskriftsnivå, t.d. frå nivå 1 til 3, og nokre stadar har overskriftar ikkje blitt tildelt nivå i det heile. 
Andre stader er det sett inn bilete i overskriftselement. Skl berre innehalde tekst, ikkje bilete. 
Det fins fleire stader der overskriftselement er tomme. Dei bør enten fylles med tekst eller fjernes. 

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Testane har avdekka ei side på eit anna språk enn norsk, og må kodas deretter.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Om ein opnar menyen uavhengig av side kan ein scrolle seg nedover med unødvendig mykje tomrom. Ved m.a. tastaturnavigasjon får ein høve til å navigere seg utover dei faste menypunkta, då går ein over til å navigere seg gjennom sida som er skjult bak menyen. Menyinnhaldet bør låsast fast og avgrenses til dei faste menypunkta.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Testane har avdekka forekomstar der det er fleire element som har lik ID på same side. T.d: fleire sider som har meir enn eit element med IDane "main-search", "content" og "search-menu"

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kvar innebygd ramme skal ha eit tekstalternativ som oppsummerar innhaldet. Testane har avdekka fleire sider som ikkje føl kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar riktig rolle på element for skjermlesarar å kunne lese opp antall søketreff etter eit søk har blitt gjennomført. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .