Tilgjengelegheitserklæring for Framsikt - Årsrapport 2022 Vestnes kommune

Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 20 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VESTNES KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Framsikt - Årsrapport 2022 Vestnes kommune slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Alle grafar manglar funksjonalitet for alternativ tekst, dei fleste grafane manglar og tekstalternativ.

Dersom publiseringan har vedlagt tilgjengelegheitserklæring, så manglar ikonet framfor lenka alternativ tekst

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er tabellar som enten manglar innhald i overskriftsceller og/eller har ein minimal kodefeil. Dei aller fleste tabellar kan brukast med tastatur og assisterande verktøy. Det er unntak der tredjepartleverandør ikkje har gjort dette mogleg.

Det er overskrifter koda med ARIA i staden for rein HTML.

Innhald som bryt kravet i regelverket

"Søkeresultat" - "Søk" og "tilbake til framside" ikkje koda responsivt. Negativ konsekvens for brukarane av mobil/ nettbrett. 

Footer ikkje koda responsivt

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det kan vere innhald av eksempelvis grafar kor fargar ikkje er beskreve.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lenker i tekst står ikkje til kontrastkravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er innhald (eksempelvis til topp knapp) som ikkje responderar opptimalt i 400% zoom.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er grafar/søkefelt som ikkje står til kontrastkravet på 3:1. Negativ konsekvens for personar med nedsatt syn.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Justering av tekstavstand fungerer ikkje optimalt på nettsida. Negativ konsekvens for personar med nedsett syn og dysleksi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er grafar kor peikefølsomheit/moglegheit for avvisning av ekstra innhald ikkje er optimalt.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er tabellar med grafar, kor grafen ikkje er mogleg å nå ved bruk av tastatur. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feil i kode. Snarveg for å hoppe direkte til hovudinnhald ikkje tilgjengeleg ved tastaturnavigering. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er tabell med graf kor graf ikkje får fokus. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.

Det er feil i fokusrekkefølgjen på framsideelement der ein seksjon kan utvidast. Navigering og innhald i seksjonen er framleis tilgjengeleg ved bruk av tastatur og assisterande verktøy.

Det er feil i fokusrekkefølgja i "søk" - "søkeresultat". Navigering og innhald i seksjonen er framleis tilgjengeleg ved bruk av tastatur og assisterande verktøy.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Overskriftene på ei detaljside blir omgjort, og får ugyldig lenkekode (tittel) etter ei overskrift er vald frå bokmerkemenyen.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Overskriftene består av enkelord og er ikkje nok beskrivande.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er feil i fokusmarkering enkelte stader i publiseringa (mellom anna i popups).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er område på sida som ikkje responderer optimalt på pikaravbrot (eksempelvis "søk"). Negativ konsekvens for personar med nedsett syn, handfunksjon og/eller kognisjon.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er område på sida kor det ikkje er samsvar mellom visuell og koda leietekst.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er inkonsekvent plassering/manglande lenke som fører brukaren tilbake til forsida av nettstaden.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er inkonsekvent navngivning for lenkene som fører brukaren tilbake til forsida av nettstaden.


 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dersom tenesteområdet består av to nivå. Ekspandering på nivå 2 manglar lenketekst på ikon.

I menyen er det bruk av aria-label utan tilknytning til gyldig role-attributt.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .