-
saman.no
-
HELSE BERGEN HF, organisasjonsnummer 983 974 724
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 2 av 47 krav i regelverket.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettstaden vår har nynorsk som hovudspråk og dette ligg default i koden. Vi har likevel ein del innhald som av ulike grunnar er på bokmål / engelsk. Brukarar vil då få andre språk presentert som nynorsk.
Vi jobbar med å kartlegge og endre språkkode på sider dette gjeld.
I tillegg vil dette inngå som ein del av opplæring og informasjon til webredaktørar i løysinga.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Publiseringsplattformen (Sharepoint 2019) har ein kjent feil som ikkje kan rettast av våre utviklarar. Feilen omtalast slik:
Feil med *Duplicate ID empty string. Bad value “button” for attribute role on element h3. *Enkelte duplikate id-er, og id-tag som er blanke. *h2 child of span, duplicate empty ID.
Feilen blir synleg i valideringsverktøy, men gir vanlegvis ikkje problem for brukarane.
Feilen blir løyst når vi får ny publiseringsløysing i løpet av 2023.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Saman.no er ein felles nettstad for samhandling og samarbeid mellom kommunar og sjukehus i Helse Bergen sitt føretaksområde. Nettstaden er ein del av Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten (FNSP). Meir informasjon om FNSP:
https://spesialisthelsetjenesten.no/felles-nettlosning-for-spesialisthe…
I FNSP deler vi felles strategiar og policyar for nettarbeidet:
https://fellesinnhold.hn.nhn.no/verktoy-og-felles-kommunikasjon
Det blir jobba kontinuerleg med å forbetre den tekniske løysinga og det redaksjonelle innhaldet. I løpet av 2023 byter FNSP publiseringsløysing. Det vil styrke arbeidet med universell utforming.