Tilgjengelegheitserklæring for hvl.no

  • hvl.no
  • HØGSKULEN PÅ VESTLANDET, organisasjonsnummer 917 641 404

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 12 av 47 krav i regelverket.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer regelverket og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på hvl.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre bilde og videoar er utan tekstalternativ, slik at opplevinga kan bli forringa for brukarar med svekka syn eller høyrsel. Vi jobbar med å rette opp feilen, også i form av å lage betre rutinar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre videoar er utan tekstalternativ, og nokre gonger ligg det tekst oppå bilde utan at skjermlesar plukkar det opp. Slik kan opplevinga kan bli forringa for brukarar med svekka syn. Vi jobbar med å rette opp feilen, også i form av å lage betre rutinar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre videoar er utan tekstalternativ, slik at opplevinga kan bli forringa for brukarar med svekka høyrsel. Vi jobbar med å rette opp feilen, også i form av å lage betre rutinar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst tilfelle der kodinga av overskriftsnivå eller lister er feil, men feila er i ferd med å bli retta opp av leverandør. Feilen kan påverke navigasjon på nettsida på ein uheldig måte for personar som nytter hjelpemiddelteknologi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er nokre skjema som ikkje er responsive, der brukaropplevinga ikkje blir like god for dei minste skjermformata. Feilen kan ramme svaksynte. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst tilfelle der bilde av tekst ikkje har alternativ tekst, slik at personar med svekka syn kan gå glipp av informasjonen. Vi jobbar med å rette opp feilen.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst tilfelle der nettsidene bryt med kontrastkravet, og dette kan vere problematisk for personar med nedsett syn. Vi jobbar med å rette opp feilen.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er eksempel på videoar som ikkje blir spelt av, men likevel beveger på seg utan at brukaren av nettsida kan stoppe dette sjølv. Personar med konsentrasjonsvanskar kan bli uroa av dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er eksempel på videoar som manglar alternativ tekst, og på thumbnail som manglar formål med lenka. Opplevinga kan bli forringa for brukarar med svekka syn eller høyrsel, og vi jobbar med å rette opp feila.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst nokre kodefeil, og vi jobbar saman med leverandør for å rette opp feila. Dette kan føre til at informasjon ikkje er tilgjengeleg for skjermlesarar og anna hjelpemiddelteknologi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst nokre kodefeil, og vi jobbar saman med leverandør for å rette opp feila. Dette kan føre til at informasjon ikkje er tilgjengeleg for skjermlesarar og anna hjelpemiddelteknologi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Aria-eigenskap alert manglar, og vi er i ferd med å rette opp feilen saman med leverandør. Dette kan føre til at informasjon ikkje er tilgjengeleg for skjermlesarar og anna hjelpemiddelteknologi.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .