-
suldal.kulturhus.no
-
SULDAL KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 979 189
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 6 av 47 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida oppfyller ikkje alle krava til ikkje-tekstleg innhald per i dag. Fleire bilete og knappar manglar alternativ tekst. Dette kan hindra dei som brukar skjermlesar i å få med seg alt av informasjon på nettstaden.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida oppfyller ikkje alle krava til ikkje-tekstleg innhald per i dag. Fleire bilete og knappar manglar alternativ tekst. Dette kan hindra dei som brukar skjermlesar i å få med seg alt av informasjon på nettstaden.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida er per i dag ikkje fullstendig kompatibel med navigering berre med bruk av tastatur. Somme element, som til dømes nedtrekksmenyar, kan ikkje navigerast til ved å bruke berre tastaturet. Dette kan gjere at dei som brukar skjermlesar ikkje får med seg alt av informasjon som finnast på nettstaden.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida kan per i dag ikkje oppfylle dette kriteriet då nokre element ikkje er fokuserbare og dermed hoppast over ved bruk av navigasjon med tastaturet, som t.d. nedtrekksmenyar. Dette kan gjere at dei som brukar skjermlesar ikkje får med seg alt av informasjon som finnast på nettstaden.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida har per i dag ikkje synleg fokus på alle naudsynte element, som t.d. nedtrekksmenyar. Dette kan gjere at dei som brukar tastaturet til å navigera seg rundt på nettstaden ikkje får tilgang til alt av informasjon som ellers er tilgjengeleg.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida har per i dag ikkje eit definert språk. Dette kan hindra at skjermlesarar les opp innhaldet på rett språk.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .