Tilgjengelegheitserklæring for bremanger.kommune.no

  • bremanger.kommune.no
  • BREMANGER KOMMUNE, organisasjonsnummer 959 318 166

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 3 av 47 krav i regelverket.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer regelverket og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
BREMANGER KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på bremanger.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På nettsida ligg det nokre PDF-dokument som ikkje er universelt utforma.

I PDF-dokumenta er blant anna overskriftene ikkje koda med riktig overskriftsnivå. PDF-dokumenta er ikkje lagra med rett struktur. 

PDF-dokument som er publisert før 1. februar 2022 vil ikkje verte universelt utforma, jf. Uutilsynet: https://www.uutilsynet.no/veiledning/dokumenter/741. PDF-dokument som er publisert etter 1. februar 2022, vil vi jobbe med for å rette.  

Det vil få konsekvensar for brukarar utan syn og for brukarar med avgrensa syn.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved å endre til 200% størrelse kan innhaldet på nettsida gå tapt.

Vi har brukt testverktøyet "Siteimprove Accessibility Checker".

Vi jobbar med å rette dette.

Det vil få konsekevensar for brukarar som er svaksynte.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Hopp til innhald, hopp til meny og hopp til søk fungerer ikkje slik det skal når ein brukar tastatur (tabulator tasten). Når ein vel ein av dei, kjem ein kun tilbake til framsida. Vi jobbar med å oppfylle kravet.

ACOS skal legge til rette for hopp til innhald i designet.

 

Det vil få konsekvensar for brukarar som har avgrensa syn, nedsett rørsleevne eller styrke og nedsett kognisjon.

 

 

Tilgjengelege alternativ

Kan bruke tabulator til å navigere på nettsida, men ikkje "hoppe" over blokker.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .