-
sjh.vgs.no
-
VESTLAND FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 821 311 632
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 5 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida inneheld bilete som manglar alternativ tekst. Dette skuldast i hovudsak eldre innhald og bilete som er publiserte utan fullstendig merking. Manglande alternativ tekst kan føre til at brukarar av skjermlesar ikkje får tilgang til same informasjon som andre brukarar. Arbeid med å vurdere og leggje til korrekt alternativ tekst er pågåande.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida inneheld førehandsspelte videoar frå YouTube som manglar fullverdig teksting. Manglande teksting kan føre til at brukarar med høyrselsnedsetting ikkje får tilgang til innhaldet. Arbeid med å sikre korrekt teksting av videoar vert følgt opp.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida inneheld innhald der visuelle strukturar, som overskrifter og avsnitt, ikkje alltid er korrekt koda i HTML. Dette kan gjere det vanskelegare for brukarar av skjermlesar å forstå samanhengar og struktur i innhaldet. Arbeid med å rette struktur og semantisk koding vert følgt opp.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Enkelte tekstelement på nettsida har ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn i tråd med krava i WCAG 2.1 nivå AA. Dette kan gjere det vanskelegare for brukarar med nedsett syn å lese innhaldet. Forhold knytte til kontrast vert følgde opp i samarbeid med sentral drift og designløysing.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ved høg forstørring (opp til 400 %) kan enkelte delar av layouten miste oversikt eller krevje horisontal scrolling. Dette kan gjere innhaldet mindre tilgjengeleg for brukarar med nedsett syn. Forhold knytte til dynamisk tilpassing vert følgde opp i samarbeid med sentral drift og designløysing.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Skulen arbeider kontinuerleg med universell utforming av IKT i tråd med gjeldande regelverk og WCAG 2.1 nivå AA.
Nettsida vert jamleg vurdert ved hjelp av automatiserte testverktøy, og funn frå desse vert nytta som grunnlag for vidare manuelt arbeid. Innhald som skulen sjølv har kontroll over, som tekst, bilete og struktur, vert retta fortløpande.
Tekniske forhold som ligg i publiseringsløysing, malverk eller felles komponentar vert meldt vidare til sentral drift / systemeigar for oppfølging.
Arbeidet med universell utforming er ein del av det løpande kvalitetsarbeidet ved skulen og vert følgt opp over tid.