Tilgjengelegheitserklæring for laerdal.kommune.no/

  • laerdal.kommune.no/
  • LÆRDAL KOMMUNE, organisasjonsnummer 954 681 890
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 6 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
LÆRDAL KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på laerdal.kommune.no/ slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har ikkje tekstalternativ til bilde og diagram, fordi det ikkje er mogleg å legge inn tekstalternativ i CMS-et vi brukar. Synshemma får ikkje tilgang til informasjon i bilde og diagram.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har ikkje tekstalternativ til bilde og diagram, fordi det ikkje er mogleg å legge inn tekstalternativ i CMS-et vi brukar. Synshemma får ikkje tilgang til informasjon i bilde og diagram.

Tilgjengelege alternativ

Vi har ei rekke PDF-skjema som ikkje er tilgjengelege, men det er digitale søknadsskjema for dei same tenestene, som er universelt utforma.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi oppfyller ikkje alltid kravet til god kontrast mellom tekst og bakgrunn. Styleguiden vår har fleire fargekombinasjonar som ikkje har godkjent kontrast. Det er vanskelegare for alle brukarar å lese innhaldet.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er ikkje mogleg å nå og bruke kalenderfunksjonalitet på nettstaden berre med tastatur. Den er ikkje koda med standardelement i HTML. Brukarar som navigerer berre med tastatur får ikkje valt dato.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har ikkje hatt tid til å rette opp feila. Dette skal me arbeide med framover.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har ikkje hatt ressursar til å rette opp feila. Dette skal me gjere framover. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Me jobbar heile tida for å bli betre på universell utforming i kommunen både blant dei tilsette og blant brukarane våre.

Me stiller krav til leverandørar for å sikra at dei kan levera løysingar som er i tråd med krava til universell utforming.