-
bekymringsmelding.fiks.ks.no
-
VINDAFJORD KOMMUNE, organisasjonsnummer 988 893 226
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 3 av 47 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Sida og undersida manglar god sidetittel. Feil vil utbetra innan kort tid.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettsida har nokon overskrifter i trekkspillmeny som med fortrinn burde blitt koda som overskrift. I tillegg kan nokre tekstar med fordel inngå i overskrifter. Me vil ha ein gjennomgang av overskriftstrukturen på sida. Tekst til innlogging bør også forbetras for å synleggjera at brukar førast til innlogging ved ID-porten.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er nokon tekstar som ikkje har blitt oversatt til nynorsk, engelsk og nord-samisk. Disse tekstane er ikkje koda kvar for seg som bokmål. Det er også fleire skjermlesar-tekstar som ikkje er oversatt. Me vil få oversatt desse tekstane i næraste framtid.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .