Tilgjengelegheitserklæring for Vigilo app iOS

  • Vigilo app iOS
  • iOS / iPadOS
  • 3.1.1
  • Mobiltelefon
  • ULSTEIN KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 979 456
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Appen er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 9 av 42 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
ULSTEIN KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Vigilo app iOS slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Bildevedlegg i brukargenerert innhald har ikkje tekstalternativ. For brukarar som er avhengige av assisterande teknologi kan informasjon presentert i bildeform gå tapt.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kontaktliste ved oppretting av meldingar lagrar eit utval ved "Naviger tilbake". Kan skape forvirring då det tilsynelatande  ikkje fins eit alternativ for å lagre utvalet i botnen av skjermen.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kalender for redigering av sluttdato for repeterande hentemeldingar har ikkje ei god nok visning i landskapsmodus.

Tilgjengelege alternativ

Sluttdato kan tastes inn manuelt i eget felt over kalendervisning.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte tekstelement har for svak kontrast mot bakgrunnen, og vil vere vanskeleg å oppfatte for brukarar med synsnedsettingar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte stadar vil tekst bli erstatta av "…" ved forstørra tekst. For brukarar som er avhengig av forstørra tekst kan delar av innhaldet vere utilgjengeleg. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Fleire ikkje-tekstlege element har for lav kontrast mot bakgrunnen. Dette gjeld mellom anna ikon for utviding av ei rekke innhald og glidebrytarar i skjema. Desse vil vere vanskelege å oppfatte for brukarar med synsnedsettingar

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er ikkje mogleg å nå innhald i toppnavigasjon ved hjelp av tastatur/skjermlesar. Dette kan føre til utfordringar med navigasjon for brukarar som berre navigerar med tastatur/skjermlesar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Etter val av datoar i skjema for oppretting av hentemelding kjem ikkje brukaren seg vidare i skjema. Dette kan gjere det umogleg å fylle ut skjemaet for brukarar som navigerar berre med tastatur/skjermlesar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lenker til brukarstøtte og personvern er koda som knappar og oppgir ikkje lenka sitt mål. Dette kan skape usikkerheit og oppleving av uforutsigbar navigasjon.


Test og vurdering av nettstaden

Vi baserer oss berre på leverandørvurderinga.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne appen blei oppretta første gong .