- Namn på nettstaden:
- helse-fonna.no
- Denne erklæringa gjeld nettstaden:
- https://helse-fonna.no/
- Ansvarleg for nettstaden:
- HELSE FONNA HF, organisasjonsnummer 983 974 694
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 11 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Fleire av videoane våre har lyd, men manglar teksting. Det betyr at personar som ikkje kan høyre, ikkje får presentert lydinnhaldet på alternativ måte. Nye videoar blir laga med teksting.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Det finst fleire eldre videoar som framleis er mykje i bruk, mellom anna i kurs og opplæring. Desse kan vi ikkje slette på noverande tidspunkt. Vi har heller ikkje nok ressursar til å gå gjennom alle og rette dei. Samstundes meiner vi at det har stor samfunnsverdi at desse framleis er tilgjengelege på nettstaden, fram til dei eventuelt kan bytast ut med nye, universelt utforma videoar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ingen av våre videoar er synstolka. Innhaldet i desse videoane vil dermed ikkje bli formidla til blinde og svaksynte. I dag er det ikkje mogleg å publisere separate lydspor i løysinga. Feilen er meldt inn til utviklarteamet i Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta, og ein jobbar teknisk med ei løysing som tillate at ein lastar opp separate lydspor på videoar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det manglar unike namn på landemerke og innhald utanfor landemerke. Det er også feil i overskriftsnivåa, og lister er feilnøsta. I tillegg er det avsnitt som ikkje er koda som tekst, sitat som ikkje er koda som sitat, og tabellar som ikkje er korrekt koda. Det betyr at brukarar med skjermlesar og andre hjelpemiddel kan bli forvirra og få problem med å forstå og navigere i innhaldet.
Feilen er meldt inn til utviklarteamet i Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta. Retting er forventa innan utgangen av 2026.
Vi har mange dokument på nettstaden som ikkje er universelt utforma, blant anna PDF/word-dokument som ikkje nyttar riktig struktur og som difor ikkje kan bli lest av dei som nyttar teknologihjelpemiddel. Vi jobbar med å erstatte desse dokumenta med alternative løysingar.
Vi informerer innhaldsprodusentar om krava som gjeld og korleis ein skal gjere dokument tilgjengelege for alle.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har enkeltvise bilde av tekst.Det betyr at denne informasjonen ikkje er tilgjengeleg for nokre brukarar. Vi unngår å bruke bilde av tekst der det er mogleg. I dei tilfella der vi likevel gjer det, sørgjer vi for å ha både alt-tekst og den same informasjonen tilgjengeleg som rein tekst i nær tilknyting til biletet.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har ein del sider der det ikkje er mogleg å scrolle ved hjelp av tastatur. Det betyr at nokre brukarar ikkje får gjennomført oppgåver på nettstaden. Feilen er meldt inn til utviklarteamet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre av lenketekstane gir ufullstendig informasjon om lenkemålet. Det betyr at brukarar kan få vanskar med å vurdera formålet til ei lenkje. Dette berører spesielt brukarar med nedsett syn, skjermlesarbrukarar og brukarar med kognitive utfordringar.
Vi har fokus på å lage gode lenketekstar for nytt innhald og jobbar med å utbetre lenketekstar på eldre sider.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har overskrifter som ikkje alltid er tydelige i beskrivinga av det etterfølgjande innhaldet. Dette kan gjera det vanskeleg for alle brukarar, inkludert skjermlesarbrukarar, å skumlesa og finne rett informasjon.
Vi jobbar med å forbetre det redaksjonelle innhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har ein del element med visuelle leietekstar som har tilgjengelig namn, men som ikkje inneheld dei visuelle leietekstane. Det betyr at brukarar med skjermlesar og andre hjelpemiddel kan få problem med å forstå innhaldet. Feilen er meldt inn til utviklarteamet.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Lenkene i menyen kan ha annleis namn enn sidetitlane det blir lenkja til. Brukarar kan tenkje at dei har trykt feil, eller bli forvirra av navigeringa. Det kan også vere stader der søkjeknappen har eit anna namn enn resten av sida. Dette påverkar brukarar med kognitive funksjonsnedsetjingar og skjermlesarbrukarar, som kan bli forvirra av usemjer og miste orienteringa under navigasjon.
Vi har fokus på konsekvent bruk av namn på sidetitlar, menyar og knappar, slik at navigasjonen blir logisk for alle brukarar.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har valideringsfeil i koden: dupliserte ID-ar og nøstingsfeil. Dette fører til at brukarar som brukar skjermlesarar og andre hjelpemiddel kan få problem med å tolke innhaldet riktig. Feilen er meldt inn til utviklarteamet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har fleire innebygde videoar på nettsida der iframe-element manglar tilgjengeleg namn i koden. Det betyr at brukarar kan få vanskar med å identifisere innhaldet. Vi jobbar med å rette gammalt videoinnhald.
Vi har fleire dokument/skjema på nettstaden som inneheld tabellar/innhald som ikkje er universelt utforma i samsvar med WCAG-retningslinjer. Det betyr at manglande strukturering av tabellar gjer at skjermlesarar og andre hjelpemiddel får problem med å tolke innhaldet. I innhaldsarbeidet sjekkar vi om publiserte dokument er universelt utforma. Vi rettar/slettar desse der det er mogleg, eller finner alternative løysingar for å presentere innhaldet.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Helse Fonna jobbar målretta med å gjere nettstaden vår tilgjengeleg for alle. Universell utforming av innhald, i tråd med gjeldande regelverk, er ein viktig del av den løpande forvaltninga av nettstaden.
Kommunikasjonsavdelinga arbeider redaksjonelt og systematisk med å rette kjende feil knytte til universell utforming og sikre at nytt innhald, etter beste evne, oppfyller krava. I organisasjonen gir vi informasjon og rettleiing om regelverk, krav og tilgjengelege verktøy for universell utforming av nettinnhald.
Helse-fonna.no er ein del av ei nasjonal publiseringsløysing, og vi kan derfor ikkje sjølve rette tekniske feil på nettstaden. Kommunikasjonsavdelinga melder frå om feil til det nasjonale utviklarteamet når det er relevant, og følgjer opp gjennom dialog og oppdateringar om det nasjonale arbeidet med universell utforming.
Universell utforming er også tema for det tverrfaglege samarbeidet i regionen. Vi samarbeider med nettansvarlege i dei andre føretaka for å dele erfaringar og styrkje dette arbeidet.