Tilgjengelegheitserklæring for innsyn.heroy.kommune.no

  • innsyn.heroy.kommune.no
  • HERØY KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 978 840
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 10 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
HERØY KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på innsyn.heroy.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I brev og dokument kan bilde vere brukt på ein måte som gjer at informasjonen ikkje er tilgjengeleg for alle. Dette kan gjelde både inngåande post til kommunen og dokument som er laga av kommunen. Opplæring og kvalitetssikring av malar vil vere naudsynt for å sikre at dokumenta kommunen lagar, er tilgjengelege for alle.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Der er overskrifter i det tekniske rammeverket som ikkje er formaterte som overskrifter, men fungerer som overskrifter til tekstfelt. Det må skaffast ein ny oppgradert versjon av løysinga for at dette skal bli retta på.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I PDF-filer kan det vere tekst som ikkje er koda slik at innhaldet kan lesast opp med ei meiningsfylt rekkefølge. Dette kan gjelde både inngåande post til kommunen og dokument som er laga av kommunen. Opplæring og kvalitetssikring av malar vil vere naudsynt for å sikre at dokumenta kommunen lagar, er tilgjengelege for alle.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er mogleg å forstørre nettstaden så mykje som ønskeleg, men løysinga inneheld ikkje informasjon til brukaren at dette er mogleg.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I brev og dokument kan bilde vere brukt på ein måte som gjer at informasjonen ikkje er tilgjengeleg for alle. Dette kan gjelde både inngåande post til kommunen og dokument som er laga av kommunen. Opplæring og kvalitetssikring av malar vil vere naudsynt for å sikre at dokumenta kommunen lagar, er tilgjengelege for alle.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dette fungerer delvis i løysinga, men er ikkje gjennomført for alle felt. Kalenderfunksjonen har denne funksjonen, men ikkje tekstfelta der søkekriterium skal settast inn.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sidetitlane er ikkje tydelege titlar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I brev og dokument kan det vere lenketekstar som ikkje forklarer føremålet med lenka godt. Dette kan gjelde både inngåande post til kommunen og dokument som er laga av kommunen. Opplæring og kvalitetssikring av malar vil vere naudsynt for å sikre at dokumenta kommunen lagar, er tilgjengelege for alle.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Innhaldet på sidene har svært avgrensa søkemoglegheiter. Einaste måten å få tak i innhaldet på, er fylle ut eit sett med kriterium og søke ut i frå dei. Det er ikkje mogleg å gjere fritekstsøk i løysinga. Der er heller ingen overordna meny. Det er fleire faner som må klikkast på for å få oversikt over innhaldet i dei ulike fanene.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Språket til innhaldet er ikkje definert i koden.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Nettstaden skal kunne brukast av alle. Dersom du støyter på noko som ikkje følger krava, ønsker vi å høyre frå deg. Bruk tilbakemeldingsfunksjonen (e-post til postmottak@heroy.kommune.no) og gi oss beskjed!