-
sula.kommune.no
-
SULA KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 980 543
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 12 av 47 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har bilder på sida som manglar alternativ tekst. Påvikar synshemma brukarar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ein video å heimesida manglar teksting. Påvirkar hørselshemma brukarar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ein video å heimesida manglar teksting. Påvirkar hørselshemma brukarar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Overskrifter i utvidbare objekt stemmer ikkje overeins med visuell struktur. Påvirkar dei som bruk skjermlesar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Tekst på klikkbare objekt i fokus har ikkje tilstrekkeleg kontrast. Påvirkar tastaturbrukarar og personar med nedsett syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Visuell fokusmarkering har ikkje tilstrekkeleg kontrast mot bakgrunn. Påvirkar tastaturbrukarar.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Enkelte objekt kan ikkje handterast med tastatur. Gjeld bookingmodul og tabellar. Påvirkar tastaturbrukarar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Navigeringsrekkefølge er ikkje logisk i enkelte skjemaer. Kan påvirke tastaturbrukarar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Klikkbare objekt har ikkje synleg fokusmarkering. Gjeld primært personoversikt, finn tilsett. Påvirkar tastaturbrukarar.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nedtrekksfelt for type i søkefelt manglar synleg forkusmarkering. Om det er lagt inn alt-tekst på bilder kan brukar også klikke på bilde slik at bildet blir opna i stor visning. Her manglar det synleg fokusmarkering.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Hopp til innhold-lenke viser til startsida. Påvirkar tastatur- og dei som brukar skjermlesar. Klikkbare objekt er ikkje koda rett. Gjeld FAQ, Vis detaljer-element i Møte og sakspapir, utvidbart element i bookingmodul, samt knapp ved forstørring til over 300 % i skjema. Påvirkar tastatur og skjermleserbrukarar. WAI-ARIA attibutt er ikkje brukt rett. Gjeld informasjon om ledige tider bookingmodul. Påvirkar dei som brukar skjermlesar. Modalt vindu er ikkje koda rett. Påvirkar tastatur og dei som brukar skjermlesar. Noverande steg eller side blir ikkje formidla programmatisk. Påvirkar dei som brukar skjermlesar. Ingen redunant opplesing på innmatingsfelt i skjema. Påvirkar dei som brukar skjermlesar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Statusmelding ved utløpt sesjon blir ikkje formidla til hjelpemidler. Når nettlesersesjonen er utløpt dukke ei melding opp øvst i vindauget som gir beskjed til brukaren om kva som må gjerast for å kunne fortsette. Denne meldinga blir ikkje automatisk gjengitt i skjermlesar. Påvirkar dei som brukar skjermlesar.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Vårt mål er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar:
Tekstane skal ha god struktur som er lett å navigere i, og dei skal skrivast på eit klart og tydeleg språk.
Når vi brukar bilde og grafikk skal vi passe på at informasjonen òg blir forklart for brukarar som ikkje kan sjå.
Når vi bruker video eller lydopptak skal den vere teksta, og når vi bruker lyd skal innhaldet også komme fram i form av tekst.
Dette prioriterer vi i 2023
Vi vil gjere nødvendige tiltak for å tilpasse informasjon som er publisert i pdf-format til krava om universell utforming.
Digitalisere skjema som ikkje må være i pdf-format
Vi arbeide for å sikre universell utforming ved valg av tredjepartsløysingar og utvikling av eksisterande løysingar.