Tilgjengelegheitserklæring for sogndalsbiblioteka.no

  • sogndalsbiblioteka.no
  • SOGNDAL KOMMUNE, organisasjonsnummer 922 121 893
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 11 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SOGNDAL KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på sogndalsbiblioteka.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Seksjon som syner opningstider møter ikkje UU-kravet. Overskrifter er ikkje logisk oppbygde. Det er ikkje mogleg å møte kravet slik oppbygginga på elementet er i dag. Avviket blir meldt til leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Søkefeltet ser ikkje ut til å vere koda slik at ein nett- eller skjermlesar kan lese det. Dei som nyttar seg av slike hjelpemiddel vil dermed ikkje kunne finne søkefeltet for å finne vidare til katalogbasen. Avviket skal rettast av leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lenketekstar er merka berre med farge, ikkje anna merking. Kan gjere lenka vanskeleg å skilje ut. Standardmerking i programmet er utheving berre med farge. Avviket blir meldt til leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Facebook-ikon som lenkar til avdelingane sine Facebook-sider er har ikkje lenke-tekst som forklarar kvar lenkene fører. 

Mangelen skal rettast i samarbeid med leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Manglar kompetanse for å finne svar på dette. Meldast som avvik og blir tatt opp med leverandør.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nedtrekksmenyar i meny-feltet øvst til høgre kan ikkje nåast berre med tastaturnavigering. Avviket meldast til leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Heimesida har ikkje moglegheit til å hoppe til hovudinnhaldet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sida kan delvis navigerast med tastatur, men nedtrekksmenyane øvst kan ikkje navigerast i og brukaren kan ikkje nå dette innhaldet.

Avviket blir meldt til leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finnast ingen alternativ for avbryting av feilaktige klikk utan å bruke fleire peikarinput. Eit klikk tek deg vidare til lenka side. Avvik meldast til leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Melder dette punktet som avvik, har ikkje moglegheit/kompetanse til å få godt svar på dette.

Vil bli meldt til leverandør som avvik.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre manglar i koden, i følge testverktøyet SiteImprove. Avvik blir meldt til leverandør.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Biblioteket har, så langt som mogleg, universell utforming som integrert del av arbeidet me gjer.
Nettstaden vert oppdatert i ny versjon våren 2024, evt. manglar i UU vil bli retta opp i denne oppdateringa.