-
valdresmusea.no
-
VALDRESMUSEA AS, organisasjonsnummer 990 209 081
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 2 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Det kan førekomme bilete som manglar skildrande alt-tekst. Å sørge for dette er eit kontinuerleg forbetringsarbeid.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Vi har over hundre filmer av foredrag og annet på YouTube, og har lagt ut lenker til disse på nettsiden. Vi har dessverre ikke ressurser eller folk til å jobbe med teksting av filmene, men vi har teksten noen få.
- Tilgjengelege alternativ
Alle foredragene om middelaldersmijern baserer seg på artikler som foredragsholderne har skrevet. Det samme gjelder svært mange av de andre filmene fra foredrag.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Mangfald og inkludering har vore tematiske leiestjerner for Valdresmusea i fleire tiår. Med stadig ny kunnskap om korleis ein best kan legge til rette, har det vore eit mål å sikre tilgangen til anlegga og aktiviteten for alle. Vi er på inga måte i mål, og vi ser at landskap, historiske bygningar, kontor og magasin – for enkelte – er lite tilgjengeleg og vanskelege å ta i bruk. Derfor samarbeider vi med Kulturdirektoratet og Brukarrådet i Nord-Aurdal kommune om tiltak som skal rette på akkurat det. I 2023 fjerna vi trappar og etablerte eit svakt skrånande terreng inn til forsamlingshuset Slidrehuset. Og vi fjerna stubbar og pigga steinblokkar og la til rette for rullestolbrukarar i amfiet. Vi legg til rette med teleslynge og høgtalarar under alle foredrag og seminar, og passar på at det blir gode kontrastfargar på skilt og informasjonsmateriell. I 2023 engasjerte vi med støtte frå Kulturdirektoratet ein ny medarbeidarar som lenge har slitt med å kome inn på arbeidsmarknaden.
Kulturell deltaking handlar ikkje berre om fysisk tilgang. Nokre menneske kjenner seg ikkje eingong heime på musea, kanskje fordi kulturen deira over tid har vorte påført skam og liding av ein øvrig majoritetskultur. Dei småe fragmenta av eit arkiv, og som vonleg skulle omtale dei sjølve, er kanskje stempla med brennmerka «sjukdom» eller «avvik». Slike arkiv er berre stigmatiserande og sårande, og for dei som har vore råka av slike fordomsfulle merkelappar har musea og arkiva vore alt anna enn samlande og inkluderande. I dag jobbar Valdresmusea i motsette lei og senkar terskelen for at alle – uavhengig av kven og kva ein er – skal kjenne tilhøyr og eigarskap til museet. Kulturell deltaking er ein demokratisk rett. Valdresmusea ynskjer alle velkomne inn.
TILTAK 2026:
- Alltid bruke lydutstyr inkl. teleslynge under foredrag og seminar
- Nettsidene kvalitetssikres alltid mht. universell utforming og inkludering
- Utvikle informasjonsskilt om farer ved ferdsel på friluftsmuseet (fall, drukning, eld)
- Inkludering og mangfold: Sette arbeidet med frivilligheiten meir i system