-
Fagskulen Vestland
-
VESTLAND FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 821 311 632
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 5 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har mange bilde på nettsida vår. Dei aller fleste har alternativ tekst, men enkelte stadar kan dette mangle. Vi jobbar kontinuerleg med dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Alle videoane våre er teksta, men det er ikkje alltid det vert markert tydeleg kven som snakkar. Tekstinga markerar heller ikkje anna lydinnhald enn tale, men det er svært sjeldan meiningsberande lydinnhald i videoane våre som ikkje er tale.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst videoinnhald på nettsida som ikkje har synstolking, sjølv om det er publisert etter 1. februar 2024. Dette rammar personer som er blinde, har nedsatt syn og nedsatt kognisjon.
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
Dei fleste videoane på nettsida er publiserte før 1. februar 2024 og er derfor ikkje omfatta av kravet til synstolking.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har mykje innhald som er laga over tid og av mange ulike publisistar. Det kan til dømes førekome at ei overskrift ikkje er koda som overskrift, men berre er markert med feit skrift.
Vi jobbar kontinuerleg for å rette opp i slike ting.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har mange lenker på nettsidene våre. Dei aller fleste har beskrivingar som tydelegjer kva dei lenkar til, men per i dag kan ikkje vi garantere at dette gjeld alle lenker på sidene våre.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .