Tilgjengelegheitserklæring for Hordanamn - kartside med stadnamnformer frå Hordaland, utgått utgåve

  • Hordanamn - kartside med stadnamnformer frå Hordaland, utgått utgåve
  • UNIVERSITETET I BERGEN, organisasjonsnummer 874 789 542
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 21 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
UNIVERSITETET I BERGEN kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Hordanamn - kartside med stadnamnformer frå Hordaland, utgått utgåve slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Logoer og andre grafiske element manglar alternativ tekst. Hordanamn er ei kartløysing, men informasjonen blir også vist i tekst, slik som koordinatar og  kommunenamn. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sidene mangler inndeling i bolkar, og overskrifter er ikkje brukt eller koda. Tabellar manglar koda overskrifter.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er ikkje alltid rekkeføljen er rett.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Brukarrettleiinga er ikkje laga med tanke på synshemma brukarar.

Hordanamn er eit kartsystem, slik sett er det venteleg at blinde brukarar vil ha mindre utbytte enn andre. Rettleiinga er veldig vanskelig å forstå for ein som ikkje ser, og instruksjonane gir neppe meining.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dei fleste inndatafelt har ikkje rett koda ledetekstar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Fargar er brukte åleine for å skilje mellom ulike typar data. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er mange eksempel på for dårleg konstrast. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Delar av søkefeltet er ikkje tilgjengeleg ved zooming. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er brukt skjembilde i brukarrettleiinga som innheld tekst. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sidene er ikkje brukbare på mobiltelefon eller andre små skjermar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Brukarrettleiinga inneheld ei rekkje skjermbilete, desse har dårleg kontrast, og brukaren kan ikkje endre kontrasten her. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Delar av søkefelta er ikkje tilgjengelege når tekstavstanden blir endra.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lydfarten kan ikkje styrast.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar blokker på sidene.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Denne er ikkje like logisk med tanke på kva for ein del av sida som ein hoppar til. Innanfor dei ulike delane er det rimeleg riktig.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det mangar overskrifter.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar mange ledetekster som er koda, då vil ikkje det vere lett å bruke sida med talestyring.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Manglar språkkodar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er ikkje gode feilmeldingar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er ikkje forslag om kva ein kan gjere i tilfelle noko går galt. 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er mange feil i HTML-koden, Det kan bety at ulike nettlesarar og tilleggprogram slik som skjermlesarar ikkje kan brukast.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen jobbar systematisk med å klarlegge status for universell utforming av IKT, og vi rettar feil og manglar innfor dei rammene vi har.

Hordanamn er no erstatta av Norske stadnamn: https://stadnamn.spraksamlingane.no, den gamle versjonen er enno tilgjengeleg frå https://hordanamn.ubbe.no/