-
Samla – DIGITALISERING AV NORSKE TRADISJONSARKIV
-
UNIVERSITETET I BERGEN, organisasjonsnummer 874 789 542
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 12 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er ein del innfyllingsfelt i søket som ikkje har ledetekst som er kopla opp til desse.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Kontaktskjemaet har feil.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Feil der teksten er mørk og bakgrunnen er grøn, typisk i enkelte boksar.
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
Det er naturligvis masse bilder av skannet tekst som ikke er transkribert. Samla er er arkiv over skannet materiale.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Skliboksane, som er brukt på forsida og nokre andre sider, er tastaturfeller.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er nokre overskrifter i sidemenyen "handlingar" som ikkje har innhald
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Skliboksane får ikkje rett synleg fokus.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det nokre feil i ledetekstane.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre tekster på engelsk og andre språk inne i annan tekst, er ikkje er merka med språkkode.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Enkelte knappar og boksar har ulik visning når desse er i fokus, til tross for at funksjonaliteten er likt. Gjeld typisk når musa er over eit felt.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det nokre innfyllingsfelt som ikkje har ledetekst som er kopla opp til disse, f.eks. i søk.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er som for de fleste nettsider vanskeleg å få koden godkjent av dei ulike verktøya.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen arbeider systematisk med å klarlegge status for universell utforming av IKT, og retter feil og manglar innanfor de rammene vi har.
Samla er under utvikling, og vi vil i 2024 jobbe videre med de feil og manglar som nettstaden har.