Tilgjengelegheitserklæring for vigilo.no

  • vigilo.no
  • STRYN KOMMUNE, organisasjonsnummer 963 989 202
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 14 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
STRYN KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på vigilo.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har innhald som ikkje er koda med korrekte verdiar eller attributtar. Dette kan medføre vanskar for brukarar med ulike funksjonshemmingar ved å ta i bruk skjermlesar og tilpasse innhaldet etter behovet til dei individuelle brukarane. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom all tekst og bakgrunn. Dette skuldast prioriteringar då løysinga blei utvikla. Dette kan gjere at brukarar med nedsett syn ikkje klarar å lese alt innhold og at brukarar som slit med fargeblindheit ikkje klarar å skilje tekst frå bakgrunn og kan miste innhaldet i løysinga. Det blir jobba med å rette dette. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved nokre tilfelle vil ein miste innhald som blir zooma inn inntil 200%. Dette skuldast rammeverket. Dette kan medføre til at brukarar med nedsett syn ikkje klarar å lese alt innhaldet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved nokre tilfelle vil ein miste innhald som blir zooma inn inntil 400%. Dette skuldast rammeverket. Dette kan medføre til at brukarar med nedsett syn ikkje klarar å lese alt innhaldet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

I nokre tilfelle i løysinga vil tekst legge seg over anna tekst og ikon vil legge seg over tekst når tekstavstand i kravet er sett. Dette skuldast rammeverket. Dette kan medføre til at brukarar med nedsett syn eller dysleksi kan oppleve vanskar, og ein kan ikkje styre tekststorleik til eigne preferansar utan å miste innhald.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga gir ikke høve til å navigere ut av sidemeny ved hjelp av tastatur, det er heller ikkje mogleg å åpne registrert fråvær med tastatur. Det er ikkje mogleg å navigere til dei ulike tabellane i løysinga og velje å sjå tabellen i stigande eller synkande rekkefølge. Dette kan gjere at brukarar med heilt eller noe nedsett syn, og brukarar som td. slit med sjelving i hendene som gjør at ein må bruke tastatur og ikkje mus, ikkje klarar å navigere desse delane av løysinga.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga gjev ikkje høve til å hoppe over eller tilbake på blokker under søknader, personalia (føresett) og kontaktinformasjon (føresett). Dette kan medføre forvirring hos brukarar med funksjonshemmingar som kan ha problem med å kome tilbake til hovudinnhaldet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har eitt tilfelle der det ikkje er samsvar mellom visuell rekkefølge og fokusrekkefølge under Timeplan. Dette kan skape forvirring for brukarar som nytter tastatur og skjermleser som navigasjonshjelp.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga manglar fullstendig markering av element i fokus under Siste Nytt og Meldingar. Dette kan medføre at brukarar med nedsett syn kan ha problem med å forstå kva element som er sett i fokus.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har i nokre tilfelle mangel på oversetting, og har element som er koda på feil språk enn kva som er satt i koden. Dette kan gjere at synshemma ikkje får meg seg kva som står. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har ett tilfelle der det ikkje er spesifisert språk, der det er anna språk enn det som er sett som språkkode, dette gjelder under Personalia. Dette kan gjere at synshemma ikkje får meg seg kva som står. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har innhald som ikkje er koda med rett ledetekst. Dette kan medføre vanskar og mangel på forståing for brukarar som tek i bruk hjelpemiddel som skjermleser etc. 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har innhald som ikkje er koda med rette verdiar eller attributtar. Dette kan medføre vanskar for brukarar med ulike funksjonshemmingar ved å ta i bruk skjermlesar og tilpasse innhaldet etter behovet til dei individuelle brukarane. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Under Melde fråvær og Samtykke vil ikkje brukar få statusbeskjed når ei hending er utført. Dette kan føre til at brukaren ikkje blir merksam på viktige endringar eller oppdateringar på nettsida. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi er opptekne av å oppretthalde og utvikle ein nettstad som er tilgjengelig for alle, og jobbar kontinuerlig og målretta med universell utforming av løysinga. Vi fokuserer på å rette feil og manglar opp mot WCAG-krava, samtidig som vi jobber med å sikre at universell utforming er ein sentral del av nyutviklinga.