Tilgjengelegheitserklæring for Norsk Ordbok 2014 (NO2014) - i til å

  • Norsk Ordbok 2014 (NO2014) - i til å
  • UNIVERSITETET I BERGEN, organisasjonsnummer 874 789 542
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 18 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
UNIVERSITETET I BERGEN kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Norsk Ordbok 2014 (NO2014) - i til å slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre av logoane til samarbeidspartnarar manglar alternativ tekst.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sidene manglar struktur av typen topp- og botnfelt, det manglar også heilt overskriftstruktur. Det som ser ut som lister, t.d. "målføreformer", er ikkje koda som liste, treff-lister er heller ikkje koda som lister.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Delvis oppfylt, brukar ARIA-label her, men kunne ha vore gjort betre.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er brukt fargar for å skilje mellom treff i ulike typar kjelder. Nokre stader er det brukt feit skrift i tillegg for å skilje mellom dei. Sjølv for brukarar med godt fargesyn er dette forvirrande, og ikkje forklart nokon stad. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Svært mange tilfelle av for låg kontrast i visningar av ordbokartiklar, t.d. i listene over målføreformer.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved visning i 200% kjem pop-up-tekstane for referansar til kjeldene utanfor skjermkanten.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Informasjonssidene fungerer ikkje godt på mobil, det gjer heller ikkje oppslag av typen "grøn", som altså viser tekstmanuskript.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tekstar som kjem opp når musa er over kjeldeinformasjon er ikkje tilgjengeleg for brukarar av skjermlesarar.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ei av listene over treff kan ein ikkje nå via tastatur, med mindre ein brukar skjermlesar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sidene manglar inndeling i blokker.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre av sidene med bakgrunnsinformasjon om ordboka har same namn.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er lenker av typen "her".

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar overskrifter.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feilmelding ved blankt teikn i starten av ord: neppe spesielt informativ.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er mangelfulle leietekstar og instruksjonar.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ugyldige attributtverdiar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar struktur og innhald.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det blir ikkje gitt statusbeskjed om antal treff slik at brukarar av skjermlesarar får det med seg.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen jobbar systematisk med å klarleggje status for universell utforming av IKT, og rettar feil og manglar innfor dei rammene vi har.

Sida no2014.uib.no vart utvikla ved Universitetet i Oslo under prosjektet Norsk Ordbok 2014 (NO 2014), og kom på nett i 2011. Det er den første nettutgåva av Norsk Ordbok. På denne sida kan ein berre søke i siste halvdel av ordboka. På ei betaside utvikla ved Universitetet i Bergen som vart lansert i 2022, kan ein søke i heile ordboka. Denne eldre sida er framleis på nett fordi betaen manglar viktige funksjonar som kartvisning. Nye sider er under utvikling, og ein testversjon skal etter planen lanserast i løpet av 2024. 2011-utgåva og betautgåva vil bli lagde ned når dei nye nettsidene har fått alt innhaldet og alle funksjonane som dei noverande sidene har. Nedlegging av dei to sidene vil skje tidlegast i 2025.

Det vil kreve omfattande utvikling og tilrettelegging å rette opp alle feil og manglar for å få ein tilfredsstillande status med omsyn til universell utforming. Dette vil ikkje vere ei prioritert oppgåve sidan ein allereie er i gang med å utvikle nye nettsider der slike omsyn skal vektleggjast.