-
eDialog
-
SULA KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 980 543
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 12 av 47 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Kontrastkrav er oppfylt for alle side-element med unntak av innsendingsknapp. Innsendingsknapp har dårleg kontrakst med bakgrunnen, når den er inaktiv. Kontrasten blir bra når alle felta er utfylt og knappen kan brukast. Konsekvens for brukar er at det kan vere utydeleg at knappen finns. Forsendingsknappen er den viktigaste knappen i skjema, og det skal gå tydlegare fram at den finns , og når skjemaet er klart slik at knappen kan brukast. Det vil i følge leverandør, innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som oppfyller kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Sjå kommentar frå 1.4.3 Kontrastproblem gjelder også tekst på forsendingsknappen mot fargen på knappen. Det vil, i følge leverandøren, innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle kravet.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Sida manglar mellom anna "Hopp til hovedinnahald". Konsekves for brukar er at navigasjon med kun tastatur er vanskelagare. Det vil, i følge leverandør, innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
HtML-tag manglar rett lang-atributt ved bytting av språk. Det vil, i følge leverandøren, innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
HtML-tag manglar rett lang-atributt ved bytting av språk. I tillegg manglar det nokre deloversettingar ("logg ut" og feilmelding "vennligst fyll ut manglande felt") Det vil, i følge leverandøren, innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Feilmeldingar heng ikkje tydeleg nok saman med feila ved bruk av skjermlesar. Feilmelding ved manglande input blir ikkje lest opp, og tekst på feilmeldinga er ikkje tydeleg ved zooming til 400%. Det er uklart kvifor forsendingsknappen ikkje er aktivert, og feilmeldinga som blir gitt er for generell. Brukarar som er avhengig av skjermlesar vil ha vanskarmed å finne og korrigere feil for å kunne sende inn skjema. I følge leverandør vil det i løpet av kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Kopling til meir informasjon samt avhakingsknappar for val av om forsending inneheld sensitive opplysningar manglar label. Hjelpetekst om sensitive opplysningar er ikkje tydeleg ved 400% zoom. Brukarar som er avhengige av skjermlesar vil dermed ikkje ha likt grunnlag som brukarar som ikkje er avhengige av skjermlesar å kunne merke forsendinga rett. Struktur på skjemaet kan forbetras ved bruk av overskrifter og fieldset. Avhaking av to alternative felt kan merkast betre. Input for fødselsnummer og organisasjonsnummer er koda som telefonnummer.
I følge leverandør vil det i løpet av kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Brukarar som er avhengige av skjermlesar vil ha vanskeligheiter med å finne og korrigere feil for å kunne sende inn skjema.
I følge leverandør vil det i løpet av kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Label for avhaking om forsendinga som inneheld sensitive opplysningar heng ikkje saman med input. Dette fører til at skjermlesarar ikkje forstår kva det blir spurt om. Manglande merking har konsekvensar for etterleving av personvernregelverket for mottakar. I følge leverandør vil det i løpet av kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle kravet.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Feil ved parsing av tekst. Skjermlesar les nokre gangar opp placeholdarar for tekstar istadenfor oversett tekst. F.eks {{translation.labels.TELEFONNUMMER }} Det kan sjå ut som denne teksten er tilgjengeleg i DOM'en ei kort periode før oversettingane blir lasta inn, og derfor forvirrar dette nokre skjermlesarar. Dette skjer konsekvent ved innsending av skjema, der ein blir sendt til ei kvitteringsside. Konsekvensen er då at skjermlesarar ikkje skjøna at skjemaet er sendt inn. Ellers ein del feil i console.
Det vil, i følge leverandøren, innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det manglar form labels, som nemt under 3.3. Det er også nokre element som burde kodast som liste, og to element som er koda som lenke, men burde vore knapp (spørsmålsikon ved sensitive opplysningar, samt logg utknapp). Tittel på vedlegg ser derimot ut som ei lenke utan å vere det.
Det vil, i følge leverandøren, innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Statusbeskjed ved opplasting av fil og innsending av skjema er ikkje markert med f.eks aria-live-attributt, og er dermed ikkje umiddelbart tilgjengeleg for skjermlesarar. Brukarar som er avhengige av skjermlesar vil ikkje ha fullstendig informasjon om at dokument er lagra automatisk og at skjema er sendt.
Det vil, i følge leverandøren, innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Leverandøren av eDialog lovar å utbetre alle feila som er funne, i ein ny versjon som kjem i løpet av kort tid.