Tilgjengelegheitserklæring for Min eigedom - status feiing

Namn på nettstaden:
Min eigedom - status feiing
Denne erklæringa gjeld nettstaden:
https://eierinfo.no/Matrikkel/Eiendom
Ansvarleg for nettstaden:
STORD KOMMUNE, organisasjonsnummer 939 866 914
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 8 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
STORD KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Min eigedom - status feiing slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har nokre tabellar som vert nytta til layout. Synshemma frå gjerne ikkje tilgang til informasjon i tabellen.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I nokre tilfeller kan tekst i verste fall bli forkorta ved zoom. Det gjer at brukaren ikkje får lest all tekst.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre skjemaelementer har for svak kontrast på border (ramme). Synshemma kan få problem med å sjå rammene.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga manglar hopp over blokker for å hoppe til hovedinnhold. Bruk av tastatur gjer at brukaren må gå via menyen på kvar side.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre kartkomponentar har labels på engelsk, men er ikkje markert som dette. Personar som brukar ulike typar hjelpemiddelteknologi (skjermlesar, tekst-til-tale-teknologi) eller funksjonalitet for teksting for å få presentert innhald kan oppleva at noko tekst ikkje vert omsett til norsk.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre skjemakomponentar gir ikkje skjermlesarar nok informasjon om kva valg som er tatt. Personar som er blinde, døvblinde, har nedsett syn, nedsett kognisjon eller nedsett motorikk kan ha vanskar med å forstå korleis skjemaet skal fyllast ut.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Landmarks manglar forståelege namn. Personar som er blinde, svaksynte, døvblinde eller har nedsett motorikk kan oppleva at skjemaelement og knappar ikkje er tilgjengelege.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre renovasjonstenester vil ikkje gi oppdatering på gebyrkostnad for skjermlesarar. Personar med hjelpeverktøy kan oppleva at dei ikkje får statusbeskjedar.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Me jobbar med å få utbetra feila i vår løysing slik at me oppfyller krava til universell utforming.