Tilgjengelegheitserklæring for kvam.no

  • kvam.no
  • KVAM HERAD, organisasjonsnummer 944 233 199
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 5 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
KVAM HERAD kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på kvam.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er innhald på nettsidene som ikkje er i høve krava.

  • Kalenderfunksjonalitet
  • Tabellar
  • Kontrastar i visuell presentasjon.
Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finnest PDF og tekst dokument som ikkje svarer til krava.

 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er dokument på nettstaden som ikkje stettar krava til regelverk med hurtigtastar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er innhald på nettstaden som ikkje stettar krava.

 

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Søkefeltet krev korrekt staving. Skjer ikkje dette får du ikkje videre rettleiing. Dette ynskjer me å ordne i samarbeid med leverandør.

 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld for hovudnettstaden til Kvam herad som har adresse www.kvam.no

Informasjonsrådgjevar har overordna ansvar for kommunen si heimeside.

Me jobbar kontinuerleg med å utbetra sidene. Arbeidet med testing av heimesida vår er utført av kommunen sjølv. Dette er ein midlertidig status.

Arbeidet fokuserer på utbetring av innhald på nettstaden knytt til uukrava.
* Nye strategier som inkluderer uukrava
* Utbetring av malar
* Nye ansvarsområde
* Opplæring av sakshandsamare og andre dokumentprodusentar.
* Opprydding av innhald som ikkje svarer til krava
* Utbetring og integrering av film og bilde som ligg knytt til nettsidene.

Me samarbeider med leverandør for å utbetre tekniske feil i nettstad.
Kjente tekniske feil i ACOS CMS har me allereie dokumentere i erklæringa .

Kvam herad skal i 2023 jobbe systematisk for å tilfredstille alle WCAG 2.1 krava