Tilgjengelegheitserklæring for statsforvaltaren.no

  • statsforvaltaren.no
  • STATSFORVALTERENS FELLESTJENESTER, organisasjonsnummer 921 627 009
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 12 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
STATSFORVALTERENS FELLESTJENESTER kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på statsforvaltaren.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden har bilete som ikkje har alternativ tekst og videoar som ikkje er teksta eller har tekstalternativ. Det har ikkje vore teknisk mogeleg å legge inn alternativ tekst før i desember 2022. For mange bilete vil alternativ tekst vere eit duplikat av biletetekst. Konsekvens er at vi kan ha brukarar som ikkje ser eller høyrer innhaldet i bilete/videoen. 

 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden har videoar eller lydfiler som ikkje har teksting eller tekstalternativ. Dette har ikkje blitt gjort når det blei lagt inn første gong. Konsekvens er at vi kan ha brukarar som ikkje ser eller høyrer innhaldet i videoen/lydfila. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden har videoar eller lydfiler som ikkje har teksting eller tekstalternativ. Dette har ikkje blitt gjort når det vart lagt inn første gong. Konsekvens er at vi kan ha brukarar som ikkje ser eller høyrer innhaldet i videoen/lydfila. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden har videoar eller lydfiler som ikkje har teksting eller tekstalternativ. Dette har ikkje blitt gjort når det vart lagt inn første gong. Konsekvens er at vi kan ha brukarar som ikkje ser eller høyrer innhaldet i videoen/lydfila. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dei som publiserer innhald, kan ha valgt feil overskriftsnivå. 

Her har vi gjort ein del feilretting, men vi kan ikkje garantere at testverktøyet har fanga opp all bruk av feil overskriftsnivå. Det gjeld spesielt for innhald av eldre dato og i hovudsak artiklar. 

Konsekvens er at brukar ikkje får lest opp innhaldet i rett rekkefølgje. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden kan ha innhald der vi referer til dømes til venstre, høgre etc. Vi har ikkje tatt omsyn til at innhald vil bli lest både på pc og mobil/nettbrett når vi publiserer innhald. Dette vil også ha konsekvensar for blinde/svaksynte/døvblinde. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden kan ha tilfelle der skjemaelement ikkje er koda med inndataføremål. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden har tilfelle der lenka tekst ikkje skil seg frå anna tekst med meir enn berre farge. Nettstaden har tilfelle der informasjon i grafiske framstillingar ikkje skil seg ut med meir enn berre farge. Nettstaden har også tilfelle der skjemaelement og feilmeldingar ikkje er merka med meir enn berre farge.

Konsekvensar er at blinde, svaksynte og fargeblinde ikkje får med seg alt innhald. 

Noko innhald på nettstaden er av eldre dato, før det vart fokus på dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden kan ha tilfelle av bilete av t.d. grafar eller liknande, der det er tekst inkludert og dette ikkje er kommentert i innhaldet eller bileteteksten. Dei som publiserer har ikkje lagt inn nødvendig skildrande tekst til biletet.  Konsekvensen er at brukaren ikkje får med seg alt innhald på sida. 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi kjenner ikkje til at det finst mekanismer for å hoppe over blokker på nettstaden vår. Konsekvens er for brukarar som må bruke tastatur for å navigere på side. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden kan ha tilfelle der mål og funksjon for lenke ikkje kjem tydeleg fram. Dette gjeld spesielt innhald av eldre dato og artikkelsider. 

Konsekvens er for brukarar som er svaksynte, blinde, døvblinde og dei med nedsett motorikk og nedsett kognisjon.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden kan ha tilfelle der namnet på leieteksten til brukargrensesnittkomponenten ikkje inneheld teksten som vert presentert visuelt. Dette gjeld spesielt innhald av eldre dato og artikkelsider. 

Konsekvens er for brukarar som er svaksynte, blinde, døvblinde og dei med nedsett motorikk og nedsett kognisjon.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .