-
Musea i Sogn og Fjordane
-
MUSEA I SOGN OG FJORDANE STI, organisasjonsnummer 994 179 136
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 3 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan høyrsel
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det manglar tekstleg informasjon om innhald i video. Feilen skuldast tredjeparts innhald (frå Vimeo) og er utanfor kontrollen til CMS eller redaktør - det ligg inni iframe, som vi ikkje har kontroll på. Vi jobbar med å sikre at framtidig videoinnhald skal vere innanfor kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
For mobilvising er utlisting av tre element (opplevingar, nyheiter og museum) på framsider løyst ved å bruke horisontal scrolling. Denne løysinga tilfredstiller ikkje dette kravet. Vi tenker likevel at dette er greit løyst i og med at alt innhald er synleggjort tilgjengeleg på "samlesider" som er lenka i samme kontekst som utlistinga av tre element.
- Tilgjengelege alternativ
Alt innhald er synleggjort tilgjengeleg på "samlesider" som er lenka i samme kontekst som utlistinga av tre element.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Brukar får ikkje god nok informasjon om alle videoar. Vi har enno ikkje fått implementert synstolking på videoar brukt i scrollytellingartiklar, som vert lasta frå ekstern nettstad.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Rapport
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Det er avgjerande for oss at alle som ønskjer, skal få ta del i kunnskapen, opplevingane og tenestene våre. Vi tek universell utforming største alvor.
Vi har dessverre noko innhald som ikkje tilfredsstiller krava til universell utforming, spesielt knytt til video. Det er teknisk utfordrande for oss å få til synstolking til videoar som vert henta frå eksterne sider. Vi jobbar med saka.
Til deg som ikkje klarar å finne fram eller forstå innhaldet vårt, ber vi deg om tilbakemeldingar. Fortel oss gjerne korleis du føretrekk å få formidla innhald på våre sider, så skal vi jobbe for å legge til rette.