Tilgjengelegheitserklæring for valle.kommune.no

  • valle.kommune.no
  • VALLE KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 966 575
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 4 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VALLE KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på valle.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Må endre på profilen vår. Held på med ny side som støtter krava.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er eit felt koda for overskrift i nederste marg, som følgjer heile nettstaden, som ikkje er fyld ut av grafiske omsyn. Det har ingen konsekvensar for brukaren.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kart. Det vil ha ein konsekvens for dei brukarane som ikkje kan lese kart, men dei fleste av tilfella har adressa kartet synar til skriven på same nettside. 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kart. Innlemma frå Google maps - så det får vi diverre ikkje gjort noko med. Det får konsekvensar for brukarar som ikkje kan lese kart, men i dei fleste tilfeller står adressa kartet synar til på same nettside.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi er i gong med ny heimeside som skal lanserast i slutten av november. Det er mykje meir fokus på UU i dette arbeidet enn det var når vi jobba med noverande side for mange år sidan. Ny heimeside skal vere UU tilpassa.