Tilgjengelegheitserklæring for www.stord.kommune.no

  • www.stord.kommune.no
  • STORD KOMMUNE, organisasjonsnummer 939 866 914
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 10 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
STORD KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på www.stord.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

ME har mange nedlastbare dokument som ikkje fyller krava. Dette betyr at brukaren ikkje får tekstalternativ på bilete. Me jobbar med å få alle dokument universelt utforma.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dei fleste opptak av politiske møte er ikkje teksta. Me har også videoar på youtube som ikkje er teksta eller synstolka. Dette fører til at brukarar med høyrelseshemming og synshemming ikkje får sjå/høyra innhald i møta. 

Tilgjengelege alternativ

Me har møteprotokollar som kan vere eit alternativ. I protokollane står framlegg til vedtak, framlegg i møte, vedtak og kven som røysta.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har /vil få videoar som ikkje er synstolka på sosiale medier. Dette fører til at brukarar med høyrelseshemming og synshemming ikkje får sjå/høyra innhald i videoane.

Grunnen til brot på krav er at me ikkje har budsjett til å synstolka møta. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har fleire skjema i pdf som ikkje er universelt utforma. Dette betyr at brukaren ikkje kan nytta skjema. Me tilbyr at brukar kan koma inn til rådhuset og få hjelp til utfylling. Me jobbar med å få alle skjema universelt utforma.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har nokre skjema i pdf som ikkje er universelt utforma. Dette betyr at brukaren ikkje kan nytta skjema. Me tilbyr at brukar kan koma inn til rådhuset og få hjelp til utfylling. Me jobbar med å få alle skjema universelt utforma.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Mange nedlastbare dokument som ikkje fyller krava. Dette betyr at brukaren ikkje får opplest kva som er overskrift i dokumentet. Me jobbar for å få alle dokument universelt utforma.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har mange nedlastbare dokument som ikkje er universelt utforma. Dette betyr at brukaren ikkje får melding om kva språk teksten er i. Me jobbar med å få alle skjema universelt utforma.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har mange nedlastbare skjema som ikkje er universelt utforma. Dette betyr at brukaren ikkje får melding om feil i skjema. Me jobbar med å få alle skjema universelt utforma.

Tilgjengelege alternativ

Mange skjema er elektroniske og universelt utforma.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har mange nedlastbare skjema som ikkje er universelt utforma. Dette betyr at brukaren ikkje får melding om feil i skjema. Me jobbar med å få alle skjema universelt utforma.

Tilgjengelege alternativ

Me har mange elektroniske skjema som er universelt utforma.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har mange nedlastbare skjema som ikkje er universelt utforma. Dette betyr at brukaren ikkje får melding om feil i skjema. Me jobbar med å få alle skjema universelt utforma.

Tilgjengelege alternativ

Me har mange elektroniske skjema som er universelt utforma.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Me skal laga plan for å gjere alle dokument produsert etter 01.02.22 universelt utforma, samt få elektronisk versjon av alle skjema.