Tilgjengelegheitserklæring for askvoll.kommune.no

  • askvoll.kommune.no
  • ASKVOLL KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 968 330
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 2 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
ASKVOLL KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på askvoll.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Designmalen til nettsida innehelde punkter utan tilstrekkeleg god kontrast. Dette vert retta. 

Til dømes:

Døme i søkefelt har ikkje god nok kontrast. 

Fokusmarkering ved bruk av tastatur har ikkje god nok kontrast. 

 

Konsekvens for brukar  - vert vanskelegare å navigere med tastatur. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Funksjonen ved hopp til meny, innhald og søk legg seg over logoen til Askvoll kommune ved zoom 400%. 

Placeholder-teksten i søkefeltet legg seg bak søkeknappen ved zoom 400%. 

Dersom brukar zoomer til 400% forsvinn val for tilsette, min side og kontakt ( toppmeny)

Konsekvens: ikkje mogleg å bruke desse funksjonane i zoom 400%.

 

Dette vert retta.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .