Tilgjengelegheitserklæring for Vigilo foreldreportal

  • Vigilo foreldreportal
  • VOLDA KOMMUNE, organisasjonsnummer 939 760 946
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 7 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VOLDA KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Vigilo foreldreportal slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga har innhald som ikkje er koda med korrekt verdiar eller attributtar. Dette kan føre til vanskar for brukarar med ulike funksjonsehemmingar ved å ta i bruk skjermleser og tilpasse innhaldet etter behovet til dei individuelle brukarane. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga har ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom all tekst og bakgrunn.  Dette skuldast prioriteringar da løysninga vart utvikla. Dette kan føre til at brukarar med nedsett syn ikkje klare å lese alt innhaldet og at brukarar som slit med fargeblindheit ikkje klare å skilje tekst frå bakgrunn og kan miste innhaldet i løysninga. 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysningen gir ikkje mulegheit til å hoppe tilbake på blokker under søknadar. Dette kan føre til forvirring hos brukarar med funksjonshemmingar som kan ha problem med å kome tilbake til hovedinnhaldet.  

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga har i nokre tilfelle mangel på oversetting, og har element som er koda på feil språk enn kva som er satt i koda. Dette kan medføre at synshemma ikkje får med seg kva som står. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga har innhald som ikkje er koda med korrekt ledetekst. Dette kan føre til vanskar og mangel på forståing for brukarar som tar i bruk hjelpemiddel som skjermleser etc. 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga har innhald som ikkje er koda med korrekte verdiar eller attributtar. Dette kan føre til vanskar for brukarar med ulike funksjonshemmingar ved å ta i bruk skjermleser og tilpasse innhaldet etter behovet til dei indiviuduelle brukarane. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Under Melde fravær vil ikkje brukar få muntleg statusbeskjed når eit fråvær er registrert. Dette kan føre til at brukaren ikkje vert oppmerksom på viktige endringar eller oppdateringar på nettsida. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi er opptatt av å oppretthalde og utvikle ein nettstad som er tilgjengeleg for alle, og arbeider kontinuerleg og målretta med universell utforming av løysninga. Vi fokuserer på å rette feil og manglar opp mot WCAG-krava, samtidig som vi arbeider med å sikre at universell utforming er ein sentral del av nyutviklinga.