Tilgjengelegheitserklæring for helse-vest.no

  • helse-vest.no
  • HELSE VEST RHF, organisasjonsnummer 983 658 725
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 14 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
HELSE VEST RHF kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på helse-vest.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har gode rutiner med å leggje ALT-tekst på bilete. Likevel kan det vere enkelte bilde som er utan. Lesarar som ikkje kan sjå biletet, vil då ikkje kunne forstå kva biletet viser. Dette er i høg grad bilete i nyheitssaker eldre enn eitt år. Vi arbeider heile tida med å rette dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har nokre få videoar som ikkje oppfyller kravet og vi arbeider med å få dette på plass. Dette fører til at lesarar som ikkje ser, ikkje får med seg kva filmen viser og handlar om.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har nokre få videoar som ikkje oppfyller kravet og vi arbeider med å få dette på plass. Dette fører til at lesarar som ikkje høyrer, ikkje får med seg tale og beskrivande lydar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi bruker få tabellar på nettsidene våre. Det kan likevel vere nokre få tabellar på enkelte sider, som ikkje inneheld tittel. Dette gjer at lesarar som er svaksynte eller blinde ikkje får med seg kva tabellen handler om. Vi arbeider med å rette dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lenker kan, grunna ikkje omforent praksis, sjå litt ulikt ut på nettsidene. Dette gjer at vi ikkje kan garantere å oppfylle kravet der vi er no.

Målet er at vi skal ha rett bruk av farger, i tråd med krava.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har nokre få bilete av tekst på nettsider i løysinga, til dømes tabellar eller innhald i samband med kampanjar eller konferansar. Dette gjer at denne informasjonen ikkje er tilgjengeleg for nokre lesarar.

Målet er at vi ikkje skal ha bilete med tekstleg informasjon.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På nokre av sidetypene våre, så er det ikkje mogleg å tabbe på filterkompontent. Det tyder at ikkje all funksjonalitet kan brukast berrekun ved hjelp av tastatur. 

Målet er at nettstaden skal følgje krava til Tastatur.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Innhaldet blir presentert i ei logisk rekkjefølgje, men ved ekspandering av utlistingsskort så blir det fjerde kortet markert. Det får konsekvensar for personar som har nedsett motorikk, lese- og skrivevanskar, nedsett syn, blinde eller som bruker skjermforstørrar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst overskriftstilar som er koda med feil storleik. Det finst også overskrifter som ikkje er koda som overskrifter, slik dei burde vore. I tillegg manglar me noko leietekst over søkjefelt. Får konsekvensar for personar som er blinde, har nedsett syn eller kognisjon eller motorikk.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden vår har nynorsk som hovudspråk og dette ligg standard i koden. Vi har likevel ein del innhald som av ulike grunnar er på bokmål/engelsk. Lesarar vil då få andre språk presentert som nynorsk.

Vi arbeider heile tida med å kartleggje og endre språkkode på sider dette gjeld. Dette vil også vere ein del av opplæringa og informasjon til webredaktørane våre.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har berre nettsider koda til norsk nynorsk, men vi har likevel nokre sider med berre eller litt innhald på bokmål eller engelsk. Lesarar vil då få andre språk presentert som norsk nynorsk.

.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst sider med kodefeil. Mellom anna feil med overskriftstilar og paginering. Får konsekvensar for blinde eller nedsett syn eller personar som bruker ulike typar hjelpemiddelteknologi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst komponentar i koden som har feil namn og rolle. Mellom anna på pagineringsfunksjonen. Får konsekvensar for blinde eller nedsett syn eller personar som bruker ulike typar hjelpemiddelteknologi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstedet bruker CMS'ets egen teknisk feilmeldingsside, som vises om løsningen går ned. Denne meldingen har vi ikke klart å fremprovosere, så det er usikkert om en slik kontekstendring gir statusbeskjed til brukeren. Får konsekvenser for personer som er blinde, har nedsatt syn eller kognisjon.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Ved Helse Vest RHF arbeider kommunikasjonsavdelinga og andre nettredaktører målretta med å gjere nettsidene våre, og digitalt innhald, tilgjengeleg for alle - både teknisk og språkleg.

Vi har universell utforming som ein viktig del av opplæringa og informasjon til våre webredaktørar og innholdsprodusentar. Vi har tilgang til ressurssider på intranetta i helseføretaka våre, der det finst rettleiing og opplæringsvideoar.

Universell utforming av IKT er tema for tverrfagleg samarbeid i regionen på ulike nivå, og vi samarbeider med nettansvarlege i dei andre føretaka.

Vi har eit eige ansvar for tilgjengelegheit på nettsidene våre, men sidan vi er del av ei nasjonal publiseringsløysing, kan vi ikkje sjølve rette opp i tekniske feil på nettstaden. Vi gir tilbakemeldingar der vi kan, følgjer utviklinga tett og får oppdateringar om uu-arbeidet med jamne mellomrom.

I 2023 bytta vi publiseringsplattform (CMS) og flytta frå SharePoint til Optimizely Content Cloud, noko som vil gi betre vilkår for å arbeide med universell utforming. Dette meiner vi vil ha ein svært positiv effekt på innhaldet for alle lesarar og brukarar av nettstaden vår. Det står framleis litt att i utviklinga av den nye løysinga.

Siden 2023 har vi sett til andre løysingar på særleg to områder for å unngå å publisere pdf/ dokument som ikkje er laga etter krava for tilgjengelegheit - for å vareta både tilgjengelegheit og openheit. Postlister er nå berre lenka, ikkje lista eller direkte publiserte, frå nettsidene til Elements Publikum, som vil vere ei betre løysing. Det same vil i løpet av 2024 gjelde styresaker og arkiv for styresaker, som i dag er ein stor del av dokumenta som er omtala.

Vi arbeider kontinuerlig med å innfri krava til universell utforming på helse-vest.no.