Tilgjengelegheitserklæring for friskus.com

Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 10 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SULA KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på friskus.com slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar mellom anna bilder og alternativ tekst på bilder. Blir i følge leverandør fulgt opp i løpet av 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Videoar som ikkje har teksting. Blir  i følge leverandør fulgt opp i løpet av 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I følge leverandør er her nokre manglar som vil bli fulgt opp i løpet av 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kontrastane må forbetrast enkelte stadar. I følge leverandør vil dette bli fulgt opp i løpet av 2023.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ikkje alle element kan nåast ved tab eller fornuftig rekkefølge. I følge leverandør vil dette bli fulgt opp i løpet av 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Friskus brukar ikkje sidetitlar. Leverandør vil sjekke ut behovet for slike.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vil i følge leverandør bli utbetra i løpet av 2023.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga manglar denne funksjonaliteten i dag, men i følge leverandøren vil dette bli utbetra så fort det er mogleg.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har ikkje den funksjonaliteten i dag, dette vil i følge leverandør bli utbetra i løpet av 2023. 

Innhald som ikkje er omfatta av regelverket

Her er det manglar i løysinga for adiministratorar. I føgle leverandør vil dette bli utbetra i løpet av 2023.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .