Tilgjengelegheitserklæring for framsikt.net

Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 19 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SANDE KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på framsikt.net slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lagt inn nokre bilete utan alternativ tekst grunna visuell utforming.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finnes tabellar som enten manglar innhald i overskriftsceller og/eller har ein minimal kodefeil.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte tabellar er ikkje koda responsivt i popup. Negativ konsekvens for brukere av portrett/landskapsmodus på mobil.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er tabellar med innhald som går tapt i 400% zoom eller som ikkje responderar optimalt i 400 % zoom.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Brukt bilete av graf der stolpane ligg tett saman utan “luft” i mellom, og kontrasten ikkje er 3:1 mellom fargane.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Justering av tekstavstand fungerer ikkje optimalt på nettsida.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Bruk av grafar der peikarfølsamheit/moglegheit for avvisning av ekstra innhald ikkje er optimalt

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I enkelte nettlesarar finns det innhald i tabellar som ein ikkje kan nå ved bruk av tastatur.

Innhald som ikkje er omfatta av regelverket

I nokre tabellar med popup finns det tastaturfelle.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feil i kode. Snarvei for å hoppe direkte til hovudinnhald ikkje er tilgjengeleg ved tastaturnavigering.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Navigering og innhald i seksjonen er framleis tilgjengeleg ved bruk av tastatur og assisterande verkty.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Overskriftane på ei detaljside vert omgjort og får ugyldig lenkekode (tittel) etter ei overskrift er valgt frå bokmerkemenyen.   

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finns feil i fokusmarkering enkelte stadar i publiseringa (blant anna i popups).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finns område på sida som ikkje responderer optimalt på peikaravbryting (for eksempel "søk").

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finns nokre område på sida utan samsvar mellom leietekst og kode.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst inkonsekvent plassering/ manglande lenkjer som fører brukaren tilbake til forsida.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finns inkonsekvent namngjeving for lenkene som fører brukaren tilbake til framsida av nettstaden.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

I menyen finns det bruk av aria-label utan tilknytning til gyldig role-attributt

Innhald som bryt kravet i regelverket

Søkeresultat annonserast ikkje ved bruk av assisterande verkty.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .