- Namn på nettstaden:
- voss.herad.no
- Denne erklæringa gjeld nettstaden:
- https://voss.herad.no/
- Ansvarleg for nettstaden:
- VOSS HERAD, organisasjonsnummer 960 510 542
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 9 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre bilete og ikon manglar gode tekstalternativ (alt-tekst).
Enkelte dekorative bilete er ikkje korrekt merkte som dekorasjon.Årsaka er mangelfull merking ved publisering av innhald.
Dette kan føre til at brukarar med skjermlesar ikkje får med seg viktig informasjon, eller får opplese unødvendig innhald.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Opptak av politiske møte som blir publiserte etter direktesending manglar teksting. Det finst møteprotokollar, men desse dekkjer ikkje nødvendigvis alt innhald i videoane.
Nettstaden inneheld også noko lydopptak/podcast utan tilgjengeleg tekstalternativ som transkripsjon.
Det kan i tillegg finnast andre førehandsspelte lyd- og videoelement på nettstaden som ikkje har tilstrekkelege tekstlege alternativ. Dette er ikkje fullstendig kartlagt og vil bli undersøkt nærare.
- Tilgjengelege alternativ
Det finst noko tekstbasert informasjon på nettsidene, til dømes møteprotokollar og artiklar, som delvis overlappar med innhaldet i lyd- og videoopptak. Desse fungerer likevel ikkje som fullverdige alternativ, då dei ikkje dekkjer alt innhald i opptaka.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Opptak av politiske møte frå heradsstyret og formannskapet blir publiserte via KommuneTV etter direktesending. Desse opptaka er ofte lange og omfattar omfattande munnleg diskusjon.
Full teksting av alle opptak vil krevje betydelege ressursar i form av tid og kostnader, som verksemda per i dag ikkje har kapasitet til å handtere.
Verksemda har vurdert alternative tiltak, men har per no ikkje løysingar som gir tilfredsstillande kvalitet utan tilsvarande ressursbruk.
På bakgrunn av dette er kravet vurdert til å medføre ei uforholdsmessig stor byrde.
- Tilgjengelege alternativ
Det finst møteprotokollar og sakspapir som gir ein skriftleg gjennomgang av saker som er behandla i møta. Desse dokumenta dekkjer likevel ikkje alle detaljar og diskusjonar i videoopptaka.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettstaden inneheld nokre førehandsspelte videoar, til dømes informasjons- og rekrutteringsvideoar. Nokre av desse videoane inneheld visuell informasjon som ikkje er tilstrekkeleg formidla gjennom lyd, til dømes klipp som viser arbeidssituasjonar og miljø utan at alt innhald blir forklart verbalt.
Dette kan gjere det vanskeleg for brukarar med synshemming å få med seg heile innhaldet i videoane.
Omfanget av slike videoar er ikkje fullstendig kartlagt og vil bli undersøkt nærare.
- Tilgjengelege alternativ
Det finst tekstbasert informasjon på nettsidene som gir kontekst og delvis forklarer innhaldet i videoane. Desse alternativa dekkjer likevel ikkje all visuell informasjon som blir formidla i videoane.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre sider på nettstaden har manglar i strukturen på innhaldet. Dette gjeld til dømes bruk av overskrifter, der nivå og oppbygging ikkje alltid er logisk eller korrekt.
I enkelte tilfelle kan overskrifter vere brukt for å oppnå visuell effekt, utan at dei er korrekt merkte i koden. Det kan også førekomme gjentekne eller feilplasserte overskrifter.
Omfanget av slike avvik er ikkje fullstendig kartlagt og vil bli undersøkt nærare.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er gjort funn av element med for låg kontrast mellom tekst og bakgrunn, til dømes i brødsmulesti og andre tekstelement.
Dette kan gjere det vanskeleg for brukarar med nedsett syn å lese innhaldet.
Omfanget av slike avvik er ikkje fullstendig kartlagt og vil bli undersøkt nærare.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre få sider på nettstaden inneheld bilete med tekst som ikkje er tilgjengeleg som vanleg tekst. Dette kan gjera det vanskeleg for brukarar med synshemming eller lesevanskar å få tilgang til innhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre ikkje-tekstlege element på nettstaden kan ha for låg kontrast, til dømes fokusmarkering eller andre grensesnittelement. Dette er ikkje fullstendig kartlagt.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Feilmeldingar i skjema gir ikkje alltid tilstrekkeleg informasjon om korleis feilen kan rettast, til dømes ved at det berre blir vist generelle meldingar som «ugyldig verdi».
Dette kan gjere det vanskeleg for brukarar å forstå kva som må gjerast for å fullføre skjemaet.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Me har tidlegare fått gjennomført ei ekstern ekspertvurdering av nettsida opp mot krava til universell utforming, og har nyleg gjort ei intern vurdering. Med utgangspunkt i resultata frå desse vurderingane arbeider me systematisk med å retta feil og forbetra løysinga.
Arbeidet med universell utforming er ein kontinuerleg prosess. Me jobbar vidare med å kartlegga og retta avvik, og med å styrka redaksjonelle rutinar slik at nytt innhald blir publisert i tråd med krava.
Tilgjengelegheitserklæringa vil bli oppdatert i takt med at me gjer forbetringar på nettstaden.