Tilgjengelegheitserklæring for vestlandfylke.no

  • vestlandfylke.no
  • VESTLAND FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 821 311 632

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 7 av 47 krav i regelverket.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer regelverket og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VESTLAND FYLKESKOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på vestlandfylke.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har mange bilete på nettsida som er lasta opp av forskjellige publisistar. Dei fleste bileta har alternativ tekst, men det kan vere nokon stader der dette manglar. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det førekjem feil knytt til bruk av tabellar. Feilen går ut på at det finnes overskriftsceller som ikkje har scope eller id. Dette skuldast mangel på universell utforming hjå tredjepartsleverandør. Vi jobbar saman med leverandør om ei løysing for dette.

Rekkefølga på heading nivåa er ikkje korrekt alle plassar. Det førekjem også tomme headingar nokon stadar. Dette skuldast prioriteringar gjort ved utvikling, og skal etterfølgast. 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det førekjem elementar på sida som manglar tabfokus. Dette gjeld bildekarusell på fylkeshussida og bybanekunst.

Feilen skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla og skal følgjast opp. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det førekjem innhald som ikkje er godt nok koda for opplesing ved bruk av skjermlesar. Bildeslideren som blir brukt på fylkeshussida og bybanekunst er vanskeleg for skjemlesarbrukarar å bruke. Ein klarar ikkje å nå bildene med tilhøyrande tekst med skjermlesar. Pilikonene for å navigere sliderene vert ikkje lest rett. Skjermlesar les opp usynlege felt mellom bileta.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har nokre sider på engelsk. Dette er ikkje markert riktig i koden for desse sidene. Vi jobbar saman med leverandør med løysing.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har fleire nestingfeil i koden knytt til cookiebot. Dette skuldast mangel på universell utforming hjå tredjepartsleverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det førekjem iframes og skjemaobjekt utan beskriving på nokon sidemalar. Dette skuldast dårleg universell utforminga frå tredjeparts leverandør, og skal følgjast opp. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi jobbar kontinuerleg med universell utforming av nettsidene våre.

 Rutinar og opplæring:
Vi har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at vi det vi legg ut samsvarer med krava om universell utforming.

 Alle publisistane våre får kontinuerleg opplæring og skal sjekke innhaldet opp mot krava før dei publiserer nytt innhald på nettsida.

 Vi har eit forum på Teams der alle publisistar er medlemar og kan hjelpe og støtte kvarandre. Vi har webinar når det er nye retningslinjer og har og eigne område på intranett med relevant informasjon og retningslinjer.

 To gonger i året skal alle publisistar gå gjennom alle sidene dei har ansvar for.

 Samarbeid med leverandør:
Vi jobbar tett med nettsideleverandøren vår for å kontinuerleg forbetre nettsidene, dette gjeld også å utvikle løysingar for å forbetre tilgjengelegheita.

 Satsingsområde:
Vi jobbar kontinuerleg med å skaffe kunnskap og beste praksis om klarspråk og universell utforming. Alle tilsette, uavhengig om dei jobbar som nettpublisistar eller ikkje, skal vite om universell utforming, og praktisere dette i dei dokumenta dei skriv. Vi har i fleire år hatt stor merksemd på klarspråk. Svært mange tilsette har gått på klarspråkkurs. Vi har tidvis hatt klarspråkquiz på intranettet.  

 Tredjepartsløysingar:
Vi har fleire tredjepartsløysingar frå ulike leverandørar. Målet er at desse løysingane skal ha eigne tilgjengelegheitserklæringar. Dette jobbar vi med å kartlegge og få på plass.