Tilgjengelegheitserklæring for Study in Norway

  • Study in Norway
  • DIREKTORATET FOR HØYERE UTDANNING OG KOMPETANSE, organisasjonsnummer 974 788 985
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 9 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
DIREKTORATET FOR HØYERE UTDANNING OG KOMPETANSE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Study in Norway slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte foto har ikkje god alternativ tekst, eller berre hermeteikn i feltet. Dette kan løysast ved å legga til (betre) alternativ tekst der dette manglar. Eksempel er studentintervju Beverly Faye Becker. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte stader på nettsida er ikkje dei førehandsformatterte headingane brukte korrekt. Dette skal me gå gjennom og endra. Eksempel: Heading 1 lagt til to gonger på forside. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Når innhaldsstørrelsen er endra til 400 prosent eller meir, er ikkje hamburgermeny-navigasjonselementa tilgjengelege når opna (skrolling ikkje tilgjengeleg). Dette kan løysast ved å gjera navigasjonen skrollbar.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er ikkje mulig å navigera i hovudmenyen ved hjelp av tastaturet. Dette kan løysast ved å legga til "keyboard interface". 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre av hovudsidene har ikkje sidetitlar. Eksempel: Why Norway - https://www.studyinnorway.no/node/11

Innhald som bryt kravet i regelverket

Noko av det viktigaste innhaldet blir ikkje tatt med av skjermlesarane. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre tekstlenker er uklare - til dømes lenke til studentintervju frå framside, bør vera deskriptivt, ikkje berre namn på studenten. Kan ordnast ved å legga til deskriptiv skildring i lenka. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tastaturfokus-indikator er ikkje synleg. Fokuset må vera synleg for at brukaren lett skal kunna navigera på nettsidene. 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre element er brukte feil, feks skal ikkje vera "child" av element H1. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .