Tilgjengelegheitserklæring for nhh.no

  • nhh.no
  • NORGES HANDELSHØYSKOLE, organisasjonsnummer 974 789 523
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 11 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
NORGES HANDELSHØYSKOLE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på nhh.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre videoar manglar teksting og beskrivelse. Nokre bilete manglar alternativ tekst. Dette gjeld primært eldre innhald. Rutinane våre for teksting og alternativ tekst på bilete har blitt betre, men vil bli ytterlegare utvikla. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har ingen tekstlege alternativ til podcastar. Det ikkje har eksistert rutinar for dette. Vi er ikkje kjent med at det er videoinnhald utan lyd på nettstaden.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har teksta nokre videoar, og nye videoar vert som hovudregel teksta. Det er likevel framleis relativt store manglar i katalogen. Det vert arbeidd med å betra både dette, og rutinane for teksting av nye videoar. (Opptak av undervisning er ikkje inkludert i denne vurderingen.)

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det kan finnast videoar frå før 1. februar 2024 som ikkje fyller kravet. Dette punktet vil vera del av vidareutvikla rutinar for videoproduksjon.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjemamodulen i publiseringsverktøyet støttar ikkje førehandsinnstilt data. Etter planen skulle modulen fasast ut og erstattast gjennom UH-sektorens fellesprosjekt i UH-sak, men prosjektet vart avslutta utan resultat. Erstatninga av skjemamodulen vart derfor forseinka. Publiseringsverktøyet skal oppgraderast 1. kvartal 2026. Oppgraderinga inkluderer ein ny versjon av skjemamodulen som er venta å oppfylla kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Standardknappar i gult har ikkje god nok kontrast til bakgrunn. 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Alle titlar og leietekstar er ikkje like deskriptive og gode som dei burde vera. Vi arbeider kontinuerleg for å retta dette, både direkte og gjennom styrka opplæring av dei som redigerer nettsidene.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På sider som blir mata med innhald fra både engelske og norske sider markerer vi ikkje språk i kode. For kalendersakar på forsida er det t.d. ikkje tydeleg at titlar er på engelsk. Det vert arbeidd med å utbetra dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Obligatoriske felt er manuelt markert i eksisterande skjemamodul. På enkelte skjema er markeringa gløymd. Vi ventar at dette vil bli meir automatisert då vi går over til oppdatert publiseringsverktøy og skjemamodul tidleg i 2026.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Inndatafeil vert markert av systemet, men det blir ikkje gitt forslag til løysing. Implementering av oppdatert skjemamodul tidleg i 2026 vil venteleg betra dette.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

På sider der det skjer endringar av innhald som konsekvens av ein brukarhandling vert det ikkje gjeve statusmelding når denne endringa skjer. Vår noverande versjon av publiseringsverktøyet har ikkje denne funksjonaliteten. Ei større oppgradering av publiseringsverktøyet i 1. kvartal 2026 er venta å utbetra problemet.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Nettredaksjonen nyttar analyseverktøy som m.a. rapporterer UU-feil for heile nettstaden.

Tilsette som skal redigera nettsider på nhh.no får opplæring som inkluderer prosedyrar for universell utforming av innhaldet. Opplæringa er styrka gjennom oppfrisking av kunnskap via UU-kurs for alle nettskribentar på DFØs læringsplattform.

Planar:
Det er bestilt ein grundig gjennomgang av nettstadens universelle utforming. Denne skal utførast av ekstern leverandør i første kvartal 2026. Funn frå denne gjennomgangen, kombinert med NHHs eigne analysedata, vil danna grunnlag for prioritering av vidare tiltak for å betra UU på sidene.

Vi vil også halde fram med vidareutvikling av interne kurs og workshops med særleg vekt på universell utforming av innhald på nettsider og i dokument som skal publiserast på nett.

Rutinar for teksting av nye videoar er styrka i samarbeid med videogruppa i Studieadministrativ avdeling, men det er framleis ein del eldre materiale som manglar teksting. Det skal utarbeidast ein oversikt over kva innhald som skal fjernast frå nett.

Tekniske utbetringar:
Publiseringsverktøyet skal oppgraderast til ny versjon i 1. kvartal 2026. Det er venta at nokre UU-manglar i den gamle CMS-versjonen vil bli utbetra i oppgraderinga. Dette gjeld primært manglar knytt til skjemamodulen.