-
Skyss Reise (IOS)
-
iOS / iPadOS
-
4.0.7
-
Både mobiltelefon og nettbrett
-
VESTLAND FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 821 311 632
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Appen er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 4 av 42 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Skyss Reise app støttar ikkje liggjande retning. Grunnen til at me ikkje innfrir på dette kravet er at det vil vera svært ressurskrevjande å endra all funksjonalitet til å tilpassa seg liggjande retning. Moglege konsekvensar av denne mangelen er at brukarar med spesifikke behov for å kunna bruka applikasjonen i liggjande retning ikkje kan bruka han.
- Tilgjengelege alternativ
Reiseplanleggjaren vår på web, reise.skyss.no kan nyttast både i liggjande og ståande retning på mobiltelefon.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Skyss Reise støttar berre delvis eksternt tastatur. Det kan vera vanskeleg å navigera rundt med tastatur i nokre tilfelle, særleg i kartsamanheng.
- Tilgjengelege alternativ
Reiseplanleggjar web, reise.skyss.no er godt tilrettelagd for styring med tastatur.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Haldeplass/Linjer faner under søk i kart er ikkje mogleg å komma til. Innsamling av reisedata: innstillingsid-en treng justeringar. Onboardingskjermbilder verkar ikkje som dei støttar tastatur i det heile.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Fotnotar er ikkje omsette til engelsk. Årsaka til dette er systemteknisk og ligg i ei underliggjande løysing. Konsekvensar er at dei engelskspråklege ikkje får kjennskap til fotnotar, noko som igjen kan medføra ei negativ reiseoppleving.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne appen blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Tilgjengelegheitserklæring for Skyss Reise blei oppretta første gong 20. desember 2023.
Me er forplikta til å gjera Skyss Reise tilgjengeleg for alle, og strevar etter å overhalda WCAG 2.1 nivå AA. Me jobbar kontinuerleg med å forbetra brukaropplevinga for alle.
I august 2021 vart det gjennomført ein ekstern revisjon av nivået på tilgjengelegheit for Skyss Reise. Basert på rapporten me fekk etter revisjonen har me arbeidd systematisk med å utbetra manglar.
Me vil i 2024 jobba for å utbetra kjende feil og manglar.