-
Aski Raski
-
HJELMELAND KOMMUNE, organisasjonsnummer 864 979 092
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 9 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Kontrastforholdet mellom tekst og bakgrunn for enkelte oppgåvetypar er ikkje i samsvar med kravet. Leverandøren har sett i gang utbetring av fargeprofilen.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Tekststorleiken i løysinga støttar kravet på generelt grunnlag, samt i dei fleste oppgåvetyper, men i nokre tilfelle (i spesifikke oppgåver) vil tekststorleiken bli kontrollert, for å behalda funksjonen til oppgåva (oppdeling av ord etter lyd eller stavemåtar, etter stavingar).
- Tilgjengelege alternativ
Det finst liknande oppgåvetypar som dekker den same funksjonen.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ikkje alt har peikarfølsamt innhald (butikk, maling, profilikon). Kontrasten på tastaturfokus er til stades, men for låg på enkelte stader, slik at denne må aukast.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Stort sett greitt gjennom applikasjonen, men bryt enkelte stader, noko som må utbetrast.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I hovudsak er fokusrekkefølgja logisk ved navigering i sjølve applikasjonen. Unntaket er under gjennomføring av oppgåver der DOM-element er synlege under navigering med tastatur, som kan føre til uventa hopp (ut av den logiske rekkefølgja). Leverandør opplyser at dette skal følgjast opp og utbetrast.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Delvis. På hovudsida finst ei innhaldsliste som dekker heile oppgåvestrukturen, men den dekker ikkje heile nettstaden. For elevar vil dette vera greitt, sidan dei ikkje har tilgang til anna innhald. Lærarar har derimot behov for fleire sider for å kunna administrere løysinga. Desse lærarsidene er ikkje dekte av innhaldslista.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
På enkelte stader er dette implementert, men det er òg manglar.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Tenesta markerer ikkje obligatoriske felt tydeleg overalt, og feilmeldingar peikar ikkje på konkrete felt der feilen oppstod, men i staden på ein spesifikk stad i skjemaet.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
På grunn av Javascript-rammeverket som er tatt i bruk (AngularJS), vil ikkje sida validera korrekt då det finst ukjende attributtar (for validatoren validator.w3.org). Utover dette følgjer tenesta likevel kodestandarden, og leverandør har sjekka opp mot desse kriteria:
- Ufullstendige start- og sluttkodar.
- Element som ikkje er nøsta i samsvar med spesifikasjonane.
- Element som inneheld duplisert attributt.
- Element som har ID-ar som ikkje er unike.
Leverandør vil sjå på dette i samband med ny versjon av Aski Raski, men basert på nåverande val av rammeverk vil det vera ei uforholdsmessig stor byrde for leverandør å etterkoma dette kravet.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .