Tilgjengelegheitserklæring for uutilsynet.no

  • uutilsynet.no
  • DIGITALISERINGSDIREKTORATET, organisasjonsnummer 991 825 827
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 3 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
DIGITALISERINGSDIREKTORATET kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på uutilsynet.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket
  • Det finst tittel i avspelingsruta til videoane med for dårleg kontrast mot bakgrunnen. Videoane er presentert via ei tredjepartsløysing, der vi ikkje klarar å overstyre korleis tekst i avspelingsruta blir presentert. Konsekvensane av dette er at brukarar med synshemmingar ikkje klarar å lese tittel og får ei dårlegare brukaroppleving.
  • Det finst tekst i ein knapp i podkast-avspelaren med for dårleg kontrast mot bakgrunnen. Podkasten er presentert via ei tredjepartsløysing, der vi ikkje klarar å overstyre teksten i avspelaren. Derfor har vi teke dette opp med leverandøren av løysinga og kjem til å følgje det tett opp med dei. Vi ser også på andre alternativ til avspelar for podkast, dersom ikkje feila kan løysast. Konsekvensane av denne feilen er at brukarar med synshemmingar ikkje klarar å lese teksten og får ei dårlegare brukaroppleving.
Tilgjengelege alternativ
  • Videotittel som ligg i avspelingsruta er også gjort tilgjengeleg like ved, i lenke inn til video.
  • For podkast-avspelar finst ikkje tilgjengelege alternativ. Vi ser dermed på andre alternativ til avspelar for podkast.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst knappar i podkast-avspelaren som ikkje oppfyller krava til synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon. Avspelaren er ei tredjepartsløysing, der vi ikkje klarar å overstyre funksjonaliteten eller synlegheita i fokusmarkering. Derfor har vi teke dette opp med leverandøren av løysinga og kjem til å følgje det tett opp med dei. Vi ser også på andre alternativ til avspelar for podkast, dersom ikkje feila kan løysast. Konsekvensane av denne feilen er at brukarar som navigerer med tastatur ikkje klarar å følgje navigeringa og får ei dårlegare brukaroppleving.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket
  • Tekst i hovudmenyen er på bokmål og engelsk. Dette bryt med kravet når brukarar er inne på ei underside som er koda med annan språkkode. Konsekvensane av dette er at brukarar som navigerer med skjermlesar får vanskar med å forstå innhaldet i menyelementet, då det blir uttala feil, og dei får ei dårlegare brukaroppleving. 
  • Tekst i brødsmulestien bryt med kravet når brukarar er inne på ei underside som er koda med annan språkkode. Konsekvensane av dette er at brukarar som navigerer med skjermlesar får vanskar med å forstå innhaldet, då det blir uttala feil, og dei får ei dårlegare brukaroppleving.
  • Elementa i rapportarkivet har tekst som er henta frå rapporten. Fleire av desse er på bokmål, medan sida for rapportarkiv er på nynorsk. Dette bryt med kravet, då desse elementa er koda med annan språkkode. Konsekvensane av dette er at brukarar som navigerer med skjermlesar får vanskar med å forstå innhaldet i rapportarkivet, då det blir uttala feil, og dei får ei dårlegare brukaroppleving.

Språkfeila er meldt inn til utviklar-teamet, og det vil bli lagt ein plan for å få på plass funksjonalitet for rett koding av språk. Feila er forventa retta i løpet av året.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Tilsynet for universell utforming av ikt har ansvar for å følgje opp forskrift om universell utforming av ikt-løysingar, knytt til likestillings- og diskrimineringslova.

Vi vil at alle skal kunne bruke våre løysingar, og jobbar derfor kontinuerleg med universell utforming av våre eigne løysingar, både ved å sjekke nytt innhald opp mot WCAG-krava før vi publiserer, og når vi får tilbakemeldingar frå brukarane om feil på nettstaden. Nytt innhald skal både ha klart språk og vere så brukarvenleg som mogleg. Vi legg oss på beste praksis der vi kan. Når vi lagar nytt innhald, brukartestar vi for å få tilbakemeldingar slik at innhaldet blir best mogleg. Når vi skal publisere nytt innhald, testar vi manuelt eller ved hjelp av testverktøy.

Vi samarbeider tett med utviklar-teamet, som har ansvar for at rammeverket er universelt utforma. I tillegg har vi ein kanal der tilsette i verksemda kan melde inn feil og forbetringsforslag på nettstaden, som går direkte til nettredaktøren.