Tilgjengelegheitserklæring for eDialog Vestnes kommune

Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 12 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VESTNES KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på eDialog Vestnes kommune slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kontrast vert oppfylt for alle side-element bortsett frå sendinn-knapp. Sendinn-knapp har dårleg kontrast med bakgrunnen, så lenge han er inaktiv. Kontrast blir bra når alle felta er utfylt og knappen kan bli brukt. Konsekvens for brukar er at det kan være utydeleg at knappen finst. 

Sendinn-knappen er den viktigaste knappen av skjemaet, og det skal tydelegare gå fram at han finst der, og når skjemaet er klart slik at knappen kan bli brukt. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sjå kommentar 1.4.3. Kontrastproblem gjeld også tekst på sendinn-knappen mot fargen på knappen. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sida manglar blant anna 'Hopp til hovudinhald'. Konsekvens for brukar er at navigasjon med kun tastatur er vanskelegare. Det vil innan kort tid blir lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

HTML-tag manglar riktig lang-attributt ved bytting av språk. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sjå kommentar til 3.1.1. I tillegg manglar det nokre deloversettingar ("logg ut" og feilmelding "vennligast fyll ut manglande felt") Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feilmeldingar heng ikkje tydeleg nok saman med feila ved bruk av skjermlesar. Feilmeldinga ved manglande input vert ikkje lest opp, og tekst på feilmeldinga er ikkje tydeleg ved zooming til 400%. Det er uklart kvifor sendinn-knappen ikkje er aktivert, og feilmelding er for generell. Det vil vere vanskeleg for brukarar som er avhengige av skjermlesar å finne og korrigere feil for å kunne sende inn skjema. 

Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kobling til meir informasjon samt avhakingsknappar for val av om forsending inneheld sensitive opplysningar manglar label. Hjelpetekst om sensitive opplysningar er ikkje tydeleg ved 400% zoom. Brukarar som er avhengige av skjermlesar vil dermed ikkje ha likt grunnlag som brukarar som ikkje er avhengige av skjermlesar å kunne merke forsendinga riktig. 

Struktur på skjemaet kan bli forbetra ved bruk av overskrifter og fieldset. Avhaking av to alternative felt kan merkes betre. Input for fødselsnummer og organisasjonsnummer er koda som telefonnummer.

Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det vil vere vanskeleg for brukarar som er avhengige av skjermlesar å finne og korrigere feil for å kunne sende inn skjema. 

Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Label for avhaking om forsendinga inneheld sensitive opplysningar heng ikkje saman med input. Dette fører til at skjermlesarar ikkje forstår kva det vert spurt om. Manglande merking har konsekvensar for etterleving av personvernregelverket for mottakar. 

Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feil ved parsing av tekst. Skjermlesar les nokre gonger opp placeholdere for tekster istedanfor oversatt tekst, til dømes:

  • {{translation.labels.TELEFONNUMMER }}  

Det kan sja ut som denne teksten er tilgjengeleg i DOM'en ei kort periode før oversetting blir lasta inn, og dermed forvirrer dette nokre skjermlesarar. Dette skjer konsekvent ved innsending av skjema, der man blir sendt til ei kvitteringsside. Konsekvensen er at skjermlesarar ikkje skjønner at skjemaet er sendt inn. Elles er det ein del feil i console.

Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar form labels, som nemnt under 3.3. Det er også nokre element som burde bli koda som liste, og to element som er koda som lenke men burde vært knapp (spørsmålsikon ved sensitive opplysningar, samt logg ut-knapp). Tittel på vedlegg ser derimot ut som ei lenke utan å være det. 

Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Statusbeskjed ved opplasting av fil og innsending av skjema er ikkje markert med til dømes aria-live-attributt, og er dermed ikkje umiddelbart tilgjengeleg for skjermlesarar. Brukarar som er avhengige av skjermlesar vil ikkje ha fullstendig informasjon om at dokument er lagra automatisk og at skjema er sendt. 

Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .