Tilgjengelegheitserklæring for alesund.kommunetv.no

  • alesund.kommunetv.no
  • ÅLESUND KOMMUNE, organisasjonsnummer 929 911 709
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 1 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
ÅLESUND KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på alesund.kommunetv.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Innhaldet som sendast på Kommune-TV er lange politiske møte. Dei fleste møta varer gjerne 3-5 timar. Kommunestyremøta kan vare opp mot 8-10 timar. I ei tid der kommunen har knapt med ressursar, er det naudsynt å gjere prioriteringar. Å tekste alle lagra direktesendingar ordrett vil medføre betydelege kostnadar. Det er ikkje rimeleg ressursbruk, særleg når kommunen ikkje har mottatt førespurnadar om teksting tidlegare.  

Vi har likevel investert i programvare med fleire avhjelpande tiltak som er med på å betre tilgangen for dei som treng eit tekstalternativ. Dette er tiltak som kjem alle innbyggarar til gode. Dei er presentert i neste del.  

Vi er også gjort kjend med at det i framtida kan komme system som gir oss anledning til å tekste delar av møter, på oppmoding frå innbyggarane. Dette vil kunne vere ei meir overkommeleg oppgåve. 

Tilgjengelege alternativ

Vi har gjort følgande tiltak for å betre tilgangen til innsikt i politiske møter. 

Når politiske møter vert sendt er: 

  • Alle saksdokument er festa til bokmerke. 
  • Alle forslag er festa til bokmerke, med forslagsstillar. Både dei som er innsendt før og undervegs i møtet. 
  • Alle vedtak er festa til bokmerke, med stemmetal og fullstendig liste over kven som har stemt kva.  

Ein kan sjå: 

  • Skriftleg oversikt over kven som hadde ordet i løpet av møtet  
  • Protokoll med vedtak og prosedyre- Dette vert lagt ut i etterkant 

Vi ser at det til stadig utviklast nyvinningar innan tilgjenge, og vil vurdere å ta desse i bruk fortløpande. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .