- Namn på nettstaden:
- helse-bergen.no
- Denne erklæringa gjeld nettstaden:
- https://www.helse-bergen.no
- Ansvarleg for nettstaden:
- HELSE BERGEN HF, organisasjonsnummer 983 974 724
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 15 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har enkeltvise bilde med lite skildrande eller manglande alternativ tekst (alt-tekst) på nettsider i løysinga. Dette medfører at brukarar ikkje får lest opp bildeinnhald.
Vi har mange innhaldsprodusentar og webredaktørar som jobbar med innhald i publiseringsløysinga vår, noko som medfører at feil kan dessverre skje.
Publiseringsløysinga vi brukar (Optimizely Content Cloud) har integrerte verktøy for å handtere krava til universell utforming. Mellom anna blir det automatisk foreslått alt-tekst til nye bilde som blir lasta opp i løysinga. Det er ikkje mogleg å publisere ei ny nettside dersom eit bilde manglar alt-tekst.
På vår nettstad har vi godkjenningsflyt, og vi har etablerte rutinar for å sjekke om bilde har alt-tekst når vi godkjenner og publiserer sider. Vi jobbar kontinuerleg med å auke kompetansen på universell utforming, herunder også korrekt utfylling av alt-tekst på bilde. I tillegg er universell utforming ein svært viktig del av våre kurs og opplæring for innhaldsprodusentar og webredaktørar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har mange videoar som ikkje er teksta. Dette gjer at personar med nedsett høyrsel ikkje kan få tilgang til informasjonen i videoane. Dette påverkar brukarar med nedsett høyrsel og andre som er avhengige av tekst for å forstå innhaldet.
Vi jobbar kontinuerleg med å auke kompetansen på universell utforming, herunder også teksting og transkribering av videoar. I tillegg er universell utforming ein svært viktig del av våre kurs og opplæring for innhaldsprodusentar og webredaktørar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har mange videoar som ikkje er teksta. Dette gjer at personar med nedsett høyrsel ikkje kan få tilgang til informasjonen i videoane. Dette påverkar brukarar med nedsett høyrsel og andre som er avhengige av tekst for å forstå innhaldet.
Vi jobbar kontinuerleg med å auke kompetansen på universell utforming, herunder også teksting og transkribering av videoar. I tillegg er universell utforming ein svært viktig del av våre kurs og opplæring for innhaldsprodusentar og webredaktørar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Mange av våre videoar er laga på ein slik måte at viktig visuelt innhald blir skildra både gjennom lyd og tekst. I nokre tilfelle har vi skildra innhaldet i følgjeteksten til videoen. Det ligg også publisert videoar frå før 2024 som ikkje er synstolka.
Vi utarbeidar rutinar for korleis vi skal ivareta krav om synstolking for videoproduksjonar, og dette vil inngå i opplæringa av innhaldsprodusentar og webredaktørar på nettstaden.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Manglande unike namn på landemerke, innhald utanfor landemerke, feil i overskriftsnivå, feilnøsta lister, avsnitt som ikkje er kodet som tekst, sitat som ikkje er kodet som sitat, og tabellar som ikkje er korrekt kodet.
Konsekvens: Brukarar med skjermlesar og andre hjelpemiddel kan bli forvirra og få problem med å forstå og navigere i innhaldet.
Oppfølging: Feilen er meldt inn til utviklingsteamet. Det blir utarbeidd ein plan, og retting er venta i byrjinga av 2026.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har enkeltvise bilde av tekst på nettsider i løysinga. Dette medfører at denne informasjonen ikkje er tilgjengeleg for nokre brukarar.
Vi jobbar kontinuerleg saman med innhaldsprodusentar og webredaktører på nettstaden for unngå bilete av tekst og/eller bruke alternativ tekst som forklarar innhaldet på bilde med tekst der vi har dette.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Førekomst av video i featureartikkel som ikkje kan stoppast. GIF-ar som startar automatisk og som ikkje kan setjast på pause, stoppast eller skjulast.
Konsekvens: Brukarar med nedsett syn, skjermlesarar og kognitive utfordringar kan ha vanskar med å oppfatte informasjonen. Rørleg innhald kan verke distraherande, skape ubehag og gjere det vanskelegare å orientere seg på nettstaden.
Oppfølging: Feilen er meldt inn til utviklingsteamet. Det blir utarbeidd ein plan, og retting er venta innan året.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst mange duplikate sidetitlar, til dømes "Forsking" og "Praktisk informasjon". Brukarar kan få vanskar med å lokalisera seg på nettstaden. Dette berører spesielt brukarar som navigerer med skjermlesarar, brukarar med kognitive utfordringar, og dei som nyttar søkjemotorar for å finna informasjon.
Vi jobbar kontinuerleg med å auke kompetansen på universell utforming av IKT, herunder også gode titlar og klart språk.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Mange av lenkjetekstane våre er ufullstendige i konteksten sin, til dømes enkeltståande "Les meir". Vi har også lenkjetekstar som gjer det motsette og formidlar både overskrift, ingress og lenkjetekst i same lenkjetekst til skjermlesarbrukarar. Alle brukarar kan få vanskar med å vurdera formålet til ei lenkje. Dette berører spesielt brukarar med nedsett syn, skjermlesarbrukarar og brukarar med kognitive utfordringar.
Vi har fokus på dette i opplæringa av innhaldsprodusentar og webredaktørar på nettstaden, og jobbar saman om å utbetre dette på eksisterande sider.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Me har mange artiklar og overskrifter som ikkje alltid beskriv det etterfølgjande innhaldet tydeleg. Dette kan gjera det vanskeleg for alle brukarar, inkludert skjermlesarbrukarar, å skumlesa og finne rett informasjon.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Den norske versjonen av helse-bergen.no har nynorsk koda som nettstadspråk. Engelsk nettstad ligg under adressa helse-bergen/no/en.
På den nynorske nettstaden finst det sider med innhald på andre språk (bokmål, engelsk). Dette innhaldet kan mangle riktig koding for språk.
Brukarar som nytter hjelpemiddelteknologi kan oppleve at noko innhald ikkje blir presenterert i samsvar med språkreglane for det aktuelle språket.
Vi jobbar kontinuerleg med opplæring av våre innhaldsprodusentar i universell utforming og språk. Vi oppmodar til å ikkje ha andre språk på nettsidene, og jobbar med å leggje inn aktuelle språkkoder der det er behov.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Den norske versjonen av helse-bergen.no har nynorsk koda som nettstadspråk. Engelsk nettstad ligg under adressa helse-bergen/no/en.
På den nynorske nettstaden finst det sider med innhald på andre språk (bokmål, engelsk). Dette innhaldet kan mangle riktig koding for språk.
Brukarar som nytter hjelpemiddelteknologi kan oppleve at noko innhald ikkje blir presenterert i samsvar med språkreglane for det aktuelle språket.
Vi jobbar kontinuerleg med opplæring av våre innhaldsprodusentar i universell utforming og språk. Vi oppmodar til å ikkje ha andre språk på nettsidene, og jobbar med å leggje inn aktuelle språkkoder der det er behov.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Lenkjene i menyen har annleis namn enn sidetitlane det blir lenkja til. Brukarar kan tenkja at dei har trykt feil, eller bli forvirra av navigeringa. Det er også stader der søkjeknappen har eit anna namn enn på resten av sida. Dette kjem av at lenkjar og funksjonar har vorte namngitt ulikt av ulike redaktørar på ulike stader på nettstaden. Dette påverkar brukarar med kognitive funksjonsnedsetjingar og skjermlesarbrukarar, som kan bli forvirra av usemjer og mista orienteringa under navigasjon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Søkjefelt manglar synleg ledetekst, og søkjeknappen er berre eit ikon på avdelingsoversikter med søk.
Konsekvens: Brukarar med nedsett syn, skjermlesarar og kognitive utfordringar kan ha vanskar med å oppfatte funksjonen.
Oppfølging: Feilen er meld til utviklarteamet. Det blir laga ein plan, og retting er venta innan året.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Fleire valideringsfeil i koden: dupliserte ID-ar og nøstingsfeil.
Konsekvens: Assisterande hjelpemiddel kan få problem med å tolke innhaldet riktig, noko som påverkar brukarar av skjermlesarar og andre hjelpemiddel.
Oppfølging: Feilen er meldt inn til utviklarteamet.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF jobbar Kommunikasjonsavdelinga målretta med å gjere nettsidene våre og digitalt innhald tilgjengeleg for alle.
Vi har universell utforming (uu) som ein viktig del av opplæringa og informasjon til våre innholdsprodusentar og webredaktørar. Vi har månadlege kurs og arbeidsstover der dei kan jobbe med nettsidar medan webrådgivarar er til stades for rettleiing og råd.
Vi har ei eiga ressursside på intranett med brukarrettleiingar, rutinar og opplæringsvideoar, og gir brukarstøtte og råd om universell utforming ved spørsmål per telefon, epost, chat og skjermdeling. Vi held også møter med klinikkar og einingar i sjukehuset med universell utforming som tema, herunder tilgjengelege verktøy til hjelp i arbeidet med uu og vi viser til uu-tilsynet sine nettsider for vidare spørsmål.
Sidan vi er ein del av ei nasjonal publiseringsløysing, har vi ikkje moglegheit til å sjølv rette opp i tekniske feil på nettstaden. Vi gir likevel tilbakemeldingar der vi kan og får oppdateringar om uu-arbeidet med jamne mellomrom.