-
vigilo.no/heroy
-
HERØY KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 978 840
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 14 av 47 krav i regelverket.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga har innhald som ikkje er koda med korrekte verdiar eller attributt. Dette kan gi vanskar for brukarar med ulike funksjonshemmingar med å bruke skjermlesar og tilpasse innhaldet etter behova til dei individuelle brukarane.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga har ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom all tekst og bakgrunn. Dette skuldast prioriteringar då løysninga blei utvikla. Dette kan føre til at brukarar med nedsett syn ikkje klarer å lese alt innhaldet og at brukarar som er fargeblinde ikkje klarer å skilje tekst frå bakgrunn og kan miste innhaldet i løysinga. Det blir jobba med å rette dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I nokre tilfelle vil ein misse innhald som blir zooma inn inntil 200 prosent. Det skuldast rammeverket. Dette kan føre til at brukarar med nedsett syn ikkje klarer å lese alt innhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I nokre tilfelle vil ein misse innhald som blir zooma inn inntil 400 prosent. Det skuldast rammeverket. Dette kan føre til at brukarar med nedsett syn ikkje klarer å lese alt innhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I nokre tilfelle i løysinga vil tekst legge seg over annan tekst og ikon vil legge seg over tekst når tekstavstand i kravet er sett. Det skuldast rammeverket. Dette kan føre til at brukarar med nedsett syn eller dysleksi kan oppleve vanskar. Ein kan ikkje styre tekststorleiken utan å misse innhald.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga gjer det ikkje mogleg å navigere ut av sidemenyen ved hjelp av tastaturet. Det er heller ikke mogleg å opne registrert fråvær med tastaturet. Det er ikkje mogleg å navigere til dei ulike tabellane i løysinga og velje å sjå tabellen i stigande eller synkande rekkefølge. Det kan føre til at brukarar med heilt eller noko nedsett syn ikkje klarer å navigere i desse delane av løysinga. Det same gjeld brukarar som for eksempel skjelv på hendene slik at dei må bruke tastatur i staden for mus.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga gir ikkje høve til å hoppe over eller tilbake på blokker under søknader, personalia (føresett) og kontaktinformasjon (føresett). Det kan forvirre brukarar med funksjonshemmingar, som kan få problem med å kome tilbake til hovudinnhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga har eitt tilfelle der det ikkje er samsvar mellom den visuelle rekkefølga og fokusrekkefølga under Timeplan. Det kan forvirre brukarar som nyttar tastatur og skjermlesar som navigasjonshjelp.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga manglar fullstendig markering av element i fokus under Siste Nytt og Meldingar. Det kan føre til at brukarar med nedsett syn får problem med å forstå kva for element som er sette i fokus.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga manglar i nokre tilfelle omsetting og har element som er koda på feil språk. Det kan føre til at synshemma ikkje får meg seg kva som står.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga har eitt tilfelle der språket ikkje er spesifisert og der språket er eit anna enn det som er sett som språkkode. Det gjeld under Personalia. Dette kan føre til at synshemma ikkje får meg seg kva som står.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga har innhald som ikkje er koda med korrekt leietekst. Det gjer at brukarar med hjelpemiddel som til dømes skjermleser kan få vanskar og misforstå.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Løysinga har innhald som ikkje er koda med korrekte verdiar eller attributt. Det kan gi vanskar for brukarar med ulike funksjonshemmingar når dei bruar skjermlesar og skal tilpasse innhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Under Melde fråvær og Samtykke vil ikkje brukaren få statusbeskjed når ei hending er utført. Det kan føre til at brukaren ikkje blir merksam på viktige endringar eller oppdateringar på nettsida.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Vi er opptekne av at denne nettstaden skal kunne brukast av alle. Derfor jobbar vi heile tida med å sikre universell utforming. Vi fokuserer på å rette feil og manglar og å sjå til at nye funksjonar er universelt utforma.