Tilgjengelegheitserklæring for sunnfjord.kommune.no

  • sunnfjord.kommune.no
  • SUNNFJORD KOMMUNE, organisasjonsnummer 921 244 207
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 4 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SUNNFJORD KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på sunnfjord.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kommune-TV: Opptak av politiske møte er ikkje teksta. Vi er i dialog med leverandør om løysing. Har kosekvensar for personar med nedsett høyrsel og personar utan høyrsel.

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Det gjeld opptak frå Kommune -TV

Innhald som bryt kravet i regelverket

Gjeld skjema.

Har konsekvensar for personar med nedsett motorikk, nedsett konsentrasjonsevne, dysleksi og hukommelsesvanskar.

Brukaren må fylle ut alle felt manuelt. Vi har verktøyet, så vi er i gang med å rette dette.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kravet er ikkje oppfylt i Interact, men det vil vere implimentert i Interact+

Dette har konsekvensar for brukarar med nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi vil arbeide kontinuerlig med innhaldet på nettstaden. Vi vil følge opp og utbedre krava til universell utforming. Det blir jobba med dette i heile organisasjonen for å auke kompetansen og bruken av universell utforming.