-
ansatt.oslomet.no
-
OSLOMET - STORBYUNIVERSITETET, organisasjonsnummer 997 058 925
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 8 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har ikkje tekstalternativ til alle bilete og diagram. Det er mogleg å legge inn i CMS-et og blir fulgt opp kontinuerleg i jamlege kvalitetssjekkar. Synshemma får ikkje tilgang til informasjon i dei bileta og diagramma som manglar tekstalternativ.
Det ligg framleis PDF-ar og dokument på nettsida som ikkje oppfyllar dette kravet. Årsaken til dette er at dei som lagar dokumenta ikkje har nok kunnskapar om universell utforming til lage dokument som følgjer krava. Konsekvensen er at ikkje alle brukarar får lest innhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi arbeider med rutiner og system for å sjekke dette. Det kan vere enkelte tilfelle av brot på krava. Dette betyr at synshemma ikkje får tilgang til informasjon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Tekststørrelse er gjort fast ved hjelp av ein absolutt lengdeining. Dette skal endrast til ein relativ lengdeeining. Konsekvensen for brukaren er at brukaren sjølv ikkje sjølv kan justere tekststørrelsen i nettlesaren.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi oppfyller ikkje alltid kravet, då det ikkje er mogleg med automatisk retting og alle feil blir ikkje plukka opp i analyseverktøyet vårt. Vi rettar det vi oppdagar fortløpande.
Konsekvensen er at brukarar i desse tilfella ikkje får beskjed om at lenka går ut av nettstaden. Dei får heller ikkje alltid beskriving av lenka si funksjon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi er i ferd med å undersøke dette kravet nærare i samarbeid med IT.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har ingen funksjonalitet i publiseringssystemet vårt for å merke mindre delar av tekst på eit anna språk. Feilen oppstår berre på få sider på nettstaden.
Konsekvensen er at brukaren ikkje får informasjon om at innhald er på eit anna språk.
Eksempel er lenker, referansar og titlar på engelsk.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Hvis en inndatafeil oppdages, har ikke alle skjema et tekstlig alternativ for å fortelle hvor feilen er. Konsekvensen er at det kan bli vanskelig for alle brukerne å bruke skjema.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi er i ferd med å undersøke dette kravet nærare i samarbeid med IT.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
OsloMet jobbar kontinuerleg med universell utforming på våre nettstader. Vi jobbar aktivt i analyseverktøyet Siteimprove og har faste vekentlege rutiner for oppfølging av publisistar og feil på nettstadene våre. Vi har også faste vekentlege møte med IT der uu er ein del av tematikken dei gangene det er behov for utvikling for å rette feil.
Universell utforming er høgt prioritert. Alle publisistar som skal publisere på våre nettstader får opplæring i universell utforming saman med opplæringa i publiseringsverktøyet. Vi kvalitetssikrar nytt innhald og gir tilbakemeldingar til publisistar når vi oppdagar uu-feil.
Publisistane får også tilgang til analyseverktøyet Siteimprove ved behov.